Kommunen bestemte seg raskt for å regulere området til reiselivsformål.

Eit verst tenkeleg vedtak for Lidl, men midt i blinken for planane som gruppa bak Fjordlinje Eigedom AS skulle legge på bordet like etterpå.

Kort før planutvalet i Sogndal skulle behandle saka første gong, kom også andre aktørar på bana med kritikk av planane om daglegvarehandel på slakteritomta. Både lokale banksjefar og andre med kryssande interessar kom på bana og åtvara mot korleis det ville gå om Lidl slapp laus i bygda.

Senterpartiets nye ordførarkandidat ved valet sist haust, Karen Marie Hjelmeseter, var enda klarare i sin tale. Ho sa rett ut til lokalavisa at ho var glad for å kunne stikke kjeppar i hjula på Lidl.

Vidare sa Hjelmeseter seg stolt av at det lukta Senterparti av måten kjedegiganten var blitt behandla på i denne saka.

Gunnar Hofslundsengen er grunneigar på den aktuelle tomta, og meiner Sogndal kommune ikkje bør slå seg for hardt på brystet.

— Utfrå den kontrakten som kommunen har gitt Fjordline Eigedom, kan eg ikkje forstå anna enn at Sogndal kommune risikerer å tape store pengar. Fjordlinje er eit nystarta selskap med mager aksjekapital i ryggen. Greier dei ikkje sine forpliktingar med festavgifter og slikt, så er det kommunen som må stå til ansvar, seier Hofslundsengen.

— Korleis trur du det vil gå?

— Det er jo flinke folk som står bak selskapet, så det vil eg ikkje meine noko om. Vi får vente og sjå.