— Ingen andre kyrkjer har nokon gong gjort noko slikt. Dette er jo eit forsøk på sensur, seier ein sjokkert Rein Alexander til Firda.

Då han skulle opptre i Førde kyrkje fredag, fekk han beskjed om å droppe to av songane.

Måtte droppe «White Christmas»

Bing Crosby sin juleklassikar «White Christmas» og «When you wish upon a star», kjend frå Pinocchio-filmen til Walt Disney fann ikkje Førde kyrkje passande.

-Dette er jo songar som born lyttar til kvar jul, og dei kan umogleg provosere nokon. Eg er ikkje sur eller bitter, men eg forstår berre ikkje dette. Eg er jo ein av dei snillaste gutane i klassen, og eg legg slett ikkje opp til eit provoserande repertoar, seier han til Firda.

Han etterkom ønsket om å droppe «White Christmas», men Disney-songen framførte han på julekonserten etter å ha skrive om litt på teksten.

Skreiv om teksten

-Eg bytta ut ordet «fate», som betyr lagnad, med ordet «He», som betyr han. Eg rekna med at det var den mest problematiske delen av teksten, seier Rein Alexander til Firda.

Det er ikkje første gong Førde kyrkje går langt i å sette grenser for kva som kan framførast i kyrkja. I oktober i fjor fekk ikkje Halvdan Sivertsen lov til å sleppe til i det heile med sin turne «Gjør døren høy».

Les også: Halvdan uønsket i Førde kyrkje

I likskap med Halvdan Sivertsen har Rein Alexander halde kyrkjekonsertar i årevis. Han har heller aldri opplevd noko liknande tidlegare.

- Sjokkert

-Eg må seie at eg er sjokkert, og ingen andre kyrkjer har nokon gong gjort noko slikt. Dette er jo eit forsøk på sensur. At enkeltpersonar bruker maktposisjonar på denne måten, har eg ingen sans for, seier kyrkjesongaren.

Fungerande sokneprest i Førde, Kåre Knutsen Bratten, meiner det var naturleg å be artisten om å droppe songane sidan dei ikkje hadde ein kyrkjeleg bodskap.

-Det er ikkje noko gale med innhaldet i songane, men vi tykte ikkje dei passa så godt inn i ein kyrkjeleg samanheng, seier Kåre Knutsen Bratten til Firda.

SJOKKERT: - Ingen andre kyrkjer har nokon gong gjort noko slikt, seier Rein Alexander.