Eit sensasjonelt funn, uttalte ekspertane som trudde ei oppegåande revestamme kunne ha etablert seg på øya.

Men det var berre revestrekar. Nokre jaktkameratar på Fitjar hadde utplassert den daude reven langs vegkanten for å lura ein annan jeger til å tru at det var rev på øya.

— Det var slett ikkje meininga at dette skulle verta ei sak for avisa. Me skulle berre driva litt gjøn med ein jaktkamerat, seier spøkjefuglen anonymt til Sunnhordland.