Partiet fekk 20,6 prosent av stemmene, og har meir enn dobla oppslutnaden frå sist. Resultatet er bortimot sensasjonelt, men må sjåast på som eit resultat mellom anna av dei sterke protestane mot den planlagte Elvegata.

Kring halvparten av innbyggjarane i Førde har skrive under at dei er mot den nye gata langs Jølstra.

Aps toppkandidat, Sveinung Nordtveit, kalla underskriftslistene for søppel, og grov dermed si eiga politiske grav. Partiet, som gjennom Aud Viken har hatt ordføraren dei siste 16 åra, gjekk kraftig tilbake, og blei med 15,8 prosent berre fjerde største partiet.

Høgre held stillinga med 19 prosent, og Sp greidde seg også bra med 16,6 prosent. Sjøl vom SV er den desiderte valvinnaren i Førde, er det slett ikkje sikkert at partiets førstekandidat Norvall Nøringset blir ordførar.

Eit like heitt namn er truleg Nils Gjerland frå Senterpartiet.