Derifrå var ikkje vegen lang til Frp sitt partikontor i Oslo. På denne måten hamna råda frå førsteamanuensis Kjeldsen ved Universitetet i Bergen hjå fienden og i Aftenpostens spalter — som avsløring av Kjeldsen og Ap sine slagplanar for å «ta» Frp og Siv Jensen i debatt.

Ein ulykkeleg rådgjevar på Ap sitt partikontor i Oslo, Sindre Beyer, vedgår overfor Bergens Tidende at det var slik det skjedde:

Feilsend e-post

Han skulle oversende e-posten han hadde fått frå Kjeldsen, til statsministerens kontor.

I staden for den rette e-postadressa som er smk.dep.no, skreiv han smk.no. Den adressa tilhøyrer eit kulelagerfirma i Molde, SMK. Det står for Skandinavisk Miniatyr Kulelager as. Innehavar og dagleg leiar er Allan Eirik Strand. Han er varamedlem for Frp til kommunestyret i Molde.

Strand var i går ikkje tilgjengeleg for Bergens Tidende.

Frp-formann Carl I. Hagen vil ikkje kritisere Ap for å ha nytta eksperthjelp:

— Eg har stor forståing for at Ap søker eksperthjelp. Eg har også lese heftet med råd til Ap med stor interesse og med eit stort smil: Ap får råd om at dei må møte Frp med å framheve sine eigne konkrete løysingar. Eg vart veldig optimistisk då eg las dette, for dei har ingen løysingar.

- Kjenner lusa på gangen

Venstre-leiar Lars Sponheim er derimot sterkt kritisk til Ap:

— Eg sette morgonkaffien i halsen då eg såg denne saka i Aftenposten. Eg har sett det før, men dette var ille, seier Sponheim.

— Eg kan ikkje seie anna enn at eg kjenner lusa på gangen: Ap si ustøe hand når dei blandar stat og parti. Det skjer stadig når dei sit i regjeringsposisjon. Eg får assosiasjonar til «brev-saka» som Bergens Tidende avslørte i 1995: Då tinga partikontoret via statsministerens kontor, materiale frå departemanta til bruk i valkampen. Heile operasjonen vart hemmelegstempla.