Den nedlagde militære brannstasjonen i skogbrynet ved flyplassen på Bømoen er høvelegare tilhaldsstad for valdelege bråkmakarar enn nyoppussa skulebygningar på Vangen, synest rådmannen.

Trugsmål og vald – Mykje negativ åtferd og grenseutprøving overfor vaksne, men også negativ åtferd mellom elevane. Banning, sjikane, trugsmål, spytting og vald mot andre, seier kommunalsjef Else Berit Kyte i si oppsummering til avisa Hordaland.

Ho har både foreldre og politikarar i ryggen når problemelevane vert sende til skogs.

Kyte vonar dei kan ha meiningsfulle dagar i den nedlagde brannstasjonen, utan for mykje publikum i form av andre elevar, og der dei kan vera seg sjølve utan å måtte spela ei rolle.

Redde medelevar Foreldra til elevane i ein av ungdomsskuleklassane har sendt brev til kommunen om terrorvelde. Mobbing, trugsmål og vald har prega hausten. Enkelte episodar er melde til politiet, som har teke affære, men måtte etter aldersreglane senda saka til barnevernet.

Dei verste «bøllane» har også gjort seg til kjenningar av politiet for innbrot og skadeverk utanom skuletida.

– Samfunnet har diverre lite å stilla opp med når heimen eller dei føresette ikkje maktar å halda styr på eigen ungdom, seier Kyte til Hordaland.

Mislykka Skulen og ei rekke samarbeidande instansar har i haust sett i verk ei rekke tiltak for å få bukt med problemet, men resultata har uteblitt. Difor går dei no drastisk til verks.

Kyte stadfester at problema har ført til sjukemeldingar og oppseiingar blant personalet ved skulen.

NEDLAGT: Bømoen leir vart lagt ned i desember i fjor. No skal han husa elevar med åtferdsproblem.
ARNE HOFSETH (ARKIV)
PROBLEMBORN: Banning, sjikane, trugsmål, spytting og vald mot andre, er nokre av problema kommunalsjef Else Berit Kyte vil rydda opp i.
ARNE HOFSETH (ARKIV)