Fagforbundet Industri Energi tok før helga ut 190 vaskeritilsette ut i streik, fordelt på 15 vaskeri. Sju av verksemdene held til i Hordaland, og tre i Bergen, noko som så langt har ført til fulle skitentøyskorger i Nordsjøen og ved hotella i byen.

Helse Bergen slepp unna streiken, då helseføretaket driv vaskeri i eigen regi. Verre er det ved Stavanger universitetssjukehus, som ikkje får reint tøy grunna streiken. Difor har Helse Bergen no starta «naudvask» for sjukehuset i Stavanger, som til vanleg er avhengig av private vaskeri som no er i streik.

— No er det kritisk

— Me har blitt bedne om å hjelpe Helse Stavanger i å produsere personaltøy. No produserer me tre til fire tusen plagg kvar dag, som me køyrer ned med lastebilar. Men me har berre høve til å hjelpe i ein kort periode, seier divisjonsdirektør i Helse Bergen, Askjell Utaaker.

Sjukehuset i Stavanger er heilt avhengige av at Haukeland hjelper til med reint tøy til helsepersonalet. Men dette kan dei ikkje halde på med lenge.

— Det er relativt kritisk no. Me klarar ikkje å halde oppe ansvarleg drift utan at me får hjelp frå Bergen dei første døgera. Men når dette tøyet er brukt så vil ikkje denne løysinga lenger fungere. Me kan ikkje sende skite tøy tilbake til Bergen, seier divisjonsdirektør Emma H. Manin i Helse Stavanger.

— Me har varsla Helsetilsynet om at me ikkje vil klare å halde oppe forsvarleg drift ved sjukehuset frå og med midnatt, natt til onsdag, seier ho.

LASTAR PLAGG: Sjåfør Odd Andreassen og vaskerisjef på Haukeland, Kjersti Røli klargjer dagens last med reine kler som skal sendast til Stavanger.

Hotellvask og arbeidskler

Sjølv om nær halvparten av dei streikande verksemdene held til i Hordaland, er konsekvensane førebels mindre her i fylket. Statoil Mongstad er avhengige av tenestene til dei streikeråka vaskeria i Hordaland, og dei tilsette på plattformane må gå lenger enn vanleg med skitne kjeledressar, sengetøy og handkle.

— Me klarar å handtere det så langt, og tek det frå dag til dag. Me prøver å nytte arbeidskleda litt lenger, og pr. dags dato så går det ikkje ut over drifta vår, seier pressetalsmann i Statoil, Ørjan Heradstveit.

Også hotella i Bergen vert råka, men førebels er det berre snakk om vask av gjestetøy.

— Det vil ha store konsekvensar for hotella, ved at sengetøy og handkle ikkje blir reint. Eg trur alle hotella vil bli ramma på ein eller annan måte. Dette er ein stor streik, seier nestleiar i Avdeling 88 i Bergen, som ligg under Industri Energi, Astrid Lervåg.

Sjukeheimar vil også bli råka, men Leivåg har oppmoda vaskeria om å søkje dispensasjon som gjer at denne produksjonen kan halde fram.

Streikar for høgare løn

Etter å ha mekla fleire timar på overtid med arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri, vart streiken eit faktum på fredag. Hovudårsaka er løna, som dei meiner er for låg.

— Dei tilsete er oppgjevne over kor låg løn dei får når dei har ein så viktig jobb for samfunnet, og livsviktig for oljeindustrien og sjukehusa. Dei har ein tung fysisk belastande jobb, og mange slit med yrkesskadar. Skal du snakke om rettferdig streik så er verkeleg dette ein rettferdig streik, seier forbundssekretær i Industri Energi, Jarle Vines.

Vines fortel at det sålangt ikkje er venta opptrapping i streiken, då han trur tvungen lønnsnemd kan vere neste steg.