Fylkesmannen meiner kommunen sitt inntektsanslag er mellom to og fire millionar for høgt, og held difor attende to millionar av skjønstilskot som førebels ikkje er fordelt.

Kommunen må vedta innsparingstiltak med minst to millionar i året frå og med 2004, skriv Alsaker i eit brev til Austevoll-ordføraren.

Fylkesmannen vil kunna akseptera ei noko lågare innsparing i 2003, men krev at kommunen straks byrjar dekke inn det oppsamla rekneskapsunderskotet.