Dersom alt går bra gjennom fylkestinget og vidare gjennom Vegdirektoratet, Samferdsledepartementet og Stortinget, reknar kommunane med at dei fleste tiltaka i bompengepakken er i godt gjenge innan bompengebetalinga tek til.

I går vedtok representantskapet i Regionrådet for Nordhordland med 18 mot seks røyster ein revidert bompengepakke, Nye Nordhordlandspakken.

— Dette er ein pakke eg trur vi kan gå for. Forslaget frå styret i regionrådet kjem oss eit godt stykke i møte. Vi kunne ynskt meir, men her må vi gje og ta, seier ordførar i Meland, Nils Marton Aadland, (H).

To bomstasjonar

Meland sitt særstandpunkt mot dei seks andre kommunane i Nordhordland var ei av årsakene til at fylkestinget sende bompengepakken attende til ny gjennomgang i oktober. Fylkestinget kravde full semje.

Det andre som fylkestinget hengde seg opp i, var punktet om berre ein bomstasjon - på Nordhordlandsbrua. To bomstasjonar måtte til for å oppfylla nytteprinsippet.

Om det faktisk endar med full semje denne gongen, får vi ikkje vita før utpå nyåret. I januar skal alle kommunane i Nordhordland handsama pakken som representantskapet vedtok i går.

Tunnelstart i 2013?

Men når Meland-ordføraren er såpass positiv, burde saka vera klår. Nils Marton Aadland var ein av arkitektane bak Meland sitt særstandpunkt. Der hadde Nyborgtunnelen ein sentral plass i pakken, trass i at tunnelen ikkje var prioritert i Nasjonal Transportplan.

Etter det som står i den nye pakken, skal Regionrådet for Nordhordland arbeida aktivt for å få Nyborgtunnelen prioritert med statsmidlar i Nasjonal Transportplan alt frå 2016. Lukkast det, er målet å få revidert bompengepakken og arbeidd inn Nyborgtunnelen, slik at arbeidet med tunnelen kan starta så tidleg som 2013.

Er det greitt med meir bompengar i Nordhordland? Sei di meining!

HELGE SUNDE