Selolje kurerer leddsmerter

Forskarar i Bergen har oppdaga ein ny mirakelkur mot leddsmerter - selolje. Om ti år kan dette vere den viktigaste behandlinga mot slike plager.

Les også:

Resultata er oppsiktsvekkjande etter fem år med kliniske forsøk med selolje i Bergen. Pasientar med betennelse i tarmen og vonde ledd blir kvitt smertene for kortare eller lengre periodar.

Forskarar ved Haukeland universitetssykehus og Nasjonalt institutt for ernæring og sjømatforsking (NIFES) er dei første i verda som har forska på selolje og leddsmerter, og arbeidet kan få store konsekvensar for pasientar i framtida.

Utvetydige resultat
- Om ti år kan selolje bli sjølve «grunnsmøringa» for denne pasientgruppa, og den viktigaste behandlingsforma mot leddplager, seier professor Arnold Berstad ved Haukeland universitetssykehus til BT.

- Er dette ein ny vidunderkur?

- Det ser slik ut. Pasientane har ikkje opplevd noko liknande før. Dei blir kvitt smertene, og opplever selolje som ein vidunderkur, svarar Berstad.

Sidan 1998 har forskarane i Bergen gjort kliniske forsøk med selolje. Både raffinert og uraffinert olje er brukt, og resultata er utvetydige: Pasientane blir kvitt smertene. For somme varer effekten nokre veker, for andre i fleire månader.

- Feittet til selen stivnar ikkje i kulda, forklarar Berstad til BT.

- Når revmatikarar får i seg det same feittet, blir også dei mjuke i ledda, og stivnar ikkje når det er kaldt. Akkurat som selen.

Omega-3
Men det er framleis ei gåte kvifor selolje lindrar leddsmerter. Forskarane trur at svaret ligg i omega-3-feittsyrene, som selolje er rik på.

- Men dette veit vi ikkje sikkert enno, understrekar Berstad overfor BT.

- Forklaringa kan ligge i ulik strukturoppbygging av molekyl i fisk og sel. Kanskje får vi noko av svaret no, seier dr.philos. Livar Frøyland ved NIFES.

Denne veka startar arbeidet med å samanlikne tran og selolje. I dei nye forsøka på Haukeland skal også pasientar med visse typar leddgikt delta.



VIDUNDER-SEL: Selolje kan bli den nye vidunderkuren for pasientar med leddsmerter. Arnold Berstad og Livar Frøyland har gått i bresjen for forsking på selolje i Bergen, og kan vise til oppsiktsvekkjande resultat.

FOTO: TOR HØVIK

Les også

Siste fra Lokalt

Hund døde i trehusbrann

To katter ble reddet ut i live.

Overfalt og ranet på Høyden

To personer pågrepet.

Cim (15) fra Bergen
brukte fem minutter
på å knekke Apple

Nå vekker 15-åringen internasjonal oppsikt.

- Gamle, men bedre tog

Inviterer ordføreren på togtur for å overbevise.

Voldsanmeldt elev: - Var et uhell

Videregående-eleven er anmeldt for vold mot læreren, men nekter for å ha skallet til ham. Nå er eleven tilbudt skolebytte.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger