Alt tyder på at kommunestyret kjem til gjere det same seinare denne månaden.

Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune som har lagt inn motsegn mot det omstridde vindkraftverket. Motsegn er den sterkaste formen for protest fylkeskommunen kan markere.

Hausta storm

Statkrafts planar om å byggje vindkraftverk på det særmerkte Stadplatået har hausta storm og gitt eit hav av protestar.

Tungt i protestbunken på bordet i Olje– og Energidepartementet ligg eit felles utspel frå Direktoratet for Naturforvaltning og Riksantikvaren. I sommar gjorde dei felles front og kravde stoppordre: Omsynet til svært store natur— og kulturverdiar gjer at Stad, Smøla og tre andre område der vindkraftverk er under full planlegging, bør haldast fullstendig utanfor utbyggingsplanane. Dei to direktorata vil også ha ei nasjonal kartlegging av konflikter knytta til vindkraft.

Sjølvråderetten

Men også fylkespolitikaranes motsegn valdar bry for utbyggjar og styremakter. Konsekvensen er at Selje kommune ikkje kan gjere endeleg vedtak om reguleringsplanen for området. Avgjerda vert overført til Miljøverndepartementet.

Kommunens sakshandsamar vil rette seg etter motsegna og seie nei til utbygginga. Rådmannen og fleirtalet av politikarane avviser derimot protesten og held på det tidlegare vedtaket om å seie ja til utbyggingsplanane. I botnen ligg prinsippet om lokal sjølvråderett. Vedtaket er gjort med fire mot to røyster.

100 meter høge

Kraftverket, som NVE har gitt grønt lys for, omfattar 35 vindmøller plassert i rekkjer på to fjellryggar på Hoddevikfjellet. Medrekna rotorblad blir vindmøllene over 100 meter høge. Det skal lagast veg fram til alle vindmøllene. Frå ein transformatorstasjon skal det byggjast 26 kilometer kraftleidning til Bryggja lenger aust i Nordfjord. Totale investeringar er kalkulert til 500 millionar kroner.

Mot slutten av månaden kjem truleg både Olje– og Energidepartementet og Miljøverndepartementet på synfaring til Selje.