Det var 17. september i fjor at Hakon-gruppen tok over daglegvareforretninga til Olav Sæbøe i Høyanger sentrum.

Men først sist veke dukka søknaden frå Hakon-gruppen opp hos sosialleiar Jon-Birger Eldevik i Høyanger kommune.

I fire månader

— Eg tok ein telefon og lurte på kva dette var. Dei la seg flate, og sa dei hadde gjort ein feil, fortel Eldevik

Hakon-gruppen sjølv lurte på om det kunne vere ein idé å stoppe ølsalet inntil vidare.

— Mitt råd var det kanskje kunne tene deira sak, seier Eldevik.

Når ein butikk med løyve til sal av øl skiftar eigar, kan den nye eigaren drive vidare i tre månader på det gamle løyvet. Reint formelt har RIMI Høyanger selt øl utan lov i fire månader.

Menneskeleg svikt

I Hakon-gruppen erkjenner dei fullt ut at det var deira eigen feil.

— Ein rein menneskeleg svikt. Men uansett er det mitt ansvar, seier direktør i Hakon-gruppen, Sverre Olsen, til Bergens Tidende.

Ved RIMI-butikken legg dei ikkje skjul på at omsetnaden har gått ned etter at ølet måtte fjernast frå butikklokala torsdag.

— Det er klart vi har merka det. Og folk kjem jo gjerne for å kjøpe litt meir enn øl, seier Olav Sæbøe. Han er no tilsett i butikken han før eigde.

Og konkurrenten, COOP Mega, hadde sist helg ein omsetnad som låg nær dei aller beste dagane.

Ekstrasak i kommunestyret

Men RIMI ser ut til å sleppe billeg frå tabben. Det er kommunane som seier ja eller nei til butikkøl. Og om ølsøknaden kom seint til kommunen, har det gått i ekspressfart etterpå. Alt kommande torsdag kjem søknaden opp for kommunestyret, som ekstrasak.

— Det er klart at hadde vi vore formelle, skulle RIMI-søknaden ha venta til juni-møtet, seier sosialleiar Eldevik.

Han vil seinare ta stilling til om det vil bli sanksjonar mot RIMI-butikken fordi dei har selt øl utan løyve.