28-åringen sat og drakk alkohol saman med ein kamerat, då den fyrste tekstmeldinga tikka inn. I tillegg til skuldingane om å ha seld hasj utan nødvendig fres, tikka følgjande helsing inn: «Jævla drittsekk.»

Etter å ha avlevert ein drapstrugsel i sms-retur, gjekk 28-åringen og kompisen meir fysisk til verks.

Avsendaren vart ifølgje Firda oppsøkt, slått i ansiktet og rispa på halsen med ein brødkniv. Det heile enda med blått auge, og nasevondt i dagevis. Under haka fekk tekstmeldaren tre risp.

Verre gjekk det ikkje verre med den misnøgde kunden enn at alle tre same kvelden satte seg ned for å røyke fredspipe. Altså hasj.

Ifølgje Firda freista trioen å skvære opp. Forsoningsviljen var no uansett ikkje sterkare enn at sms-avsendaren vart truga med at «dersom du går til politiet, drep vi både deg og mora di».

No er 28-åringen, og tidlegare fengsla for valdsbruk, dømd til 60 dagar i buret.