Eystein Røssum

— Ja, eg har fått visse reaksjonar frå arvingane på det der. Buet selde huset etter å ha fått eit bud vi meinte var gunstig, seier advokat Henning Pletten.

Han var bustyrar i dødsbuet etter konsul Didrik Martens-Nielsen, som døydde i 1997. Buet gjekk til offentleg skifte, og først i vår var det klart for sal av eigedommen.

Det ein gong så herskapelege murhuset på Nygårdshøyden vart aldri annonsert på den opne marknaden. Privatmannen Vemund Nordvik hadde fått snusen i at huset skulle seljast, og vart samd med dødsbuet om å betale 6.050.000 kroner for bygningen.

— Prisen var langt over ein takst arvingane hadde skaffa, seier bustyrar Pletten.

Arvingane visste ingenting Det dei tre døtrene til konsul Martens-Nielsen ikkje visste, var at Nordvik allereie hadde ein ny kjøpar på handa. Då den endelege kontrakten vart signert mellom buet og Nordvik i slutten av april i år, hadde Nordvik allereie seld huset vidare.

Med Postbanken Eiendomsmegling som meklar hadde Nordvik inngått ein kontrakt med Førde-selskapet Broker Eigedom AS. Prisen var hyggeleg for Nordvik: 7,7 millionar kroner ý 1,65 millionar kroner meir enn Nordvik sjølv skulle betale.

Den endelege kontrakten mellom buet og Nordvik vart signert i slutten av april i år. Då var vidraesalet for lengst i boks: Allereie 30. mars signerte Nordvik salskontrakten med Broker Eigedom.

Skal bli luksus-husvære - Alt dette har kome fram i ettertid. Eg veit ikkje korleis Nordvik greidde å selje vidare med så stor forteneste, seier bustyrar Pletten. For arvingane til Didrik Martens-Nielsen må det vere ein nærliggande tanke at dei her har gått glipp av 550.000 kroner kvar.

— Eg ønskjer ikkje å uttale meg om saka. Kontakt bustyrar Pletten, seier Inger Elisabeth Haugen, ein av arvingane.

Selskapet som til slutt endte opp med huset, Broker Eigedom AS, er godt nøgde med prisen dei har betalt.

— Planen vår er å seksjonere bygget, lage åtte-ti husvære med høg standard og selje dei vidare, seier dagleg leiar Egil Skilbrei i Broker Eigedom AS.

Trur på forteneste Han var fullt ut klar over at mannen dei kjøpte av sikra seg ein pen slump lettente pengar.

— Slik er det i forretningslivet. Det er hyggeleg for han. Vi har fått vurdert verdien av huset, og meiner absolutt at vi vil få betalt for arbeidet vi gjer, seier Skilbrei, som presiserer at seksjoneringa av husarealet på til saman 1006 kvadratmeter enno ikkje er godkjent i kommunen. Vemund Nordvik var i går på ferie, og ikkje tilgjengeleg for kommentar.

DYRT OG DYRARE: Advokat Henning Pletten selde arvingane sin bygård for seks millionar kroner. Den nye eigaren fekk 1,7 millionar meir.
Foto: Ørjan Deisz