Det hevdar Siv Børsheim som har forska på bergensjenter sitt forhold til blant anna klede dei to siste åra.

— Jentene gjer nesten alt for å ha dei rette klesmerka i garderoben. Å gå med klede frå Cubus er som å banna i kyrkja, seier ho.

— Det er eit enormt press for å bli lik dei andre, seier Børsheim. Ho baserer seg på samtaler med fem helsesystrer som jobbar med rundt 2500 jenter i alderen 9 til 18 år på ulike helsestasjonar i Bergen.

— På ungdomsskulen kan nakenfotografering vere løysinga for å få råd til dei rette kleda, på vidaregåande er det faktisk nokre som går på Strandkaien. Det er heilt sprøtt kva jenter kan få seg til å gjere. Og presset, det kjem stadig tidlegare seier ho.

— Helsesystrene rapporterer om ei veldig endring berre dei fem siste åra. Mange av jentene byrjar kroppshysteriet allereie i 9-årsalderen, og det tek heilt av når dei kjem på ungdomsskulen.

Queenbees

— Hovudtendensen er at jentene blir meir og meir like. Klede, hår og kroppsfasong er nesten identisk, særleg på ungdomsskulejentene, seier Børsheim.

Ungdomsskulen er perioden som forskaren har funne ut at kles- og kroppshysteriet er verst.

— I denne perioden er jentene på sitt aller mest sårbare og usikre, og det verste dei kan tenkje seg er å skilje seg ut. Jentene samanliknar seg helst med jenter på eigen alder, seier Børsheim.

— Jentene blir styrt av nokre «queenbees». Desse set standarden for korleis ein skal sjå ut, forklarer Børsheim.

I samtalane med helsesystrene kjem det også fram at ein del jenter klarer å gå sin eigen veg, utan å bli mobba.

— Dette er dei sjølvsikre jentene som tørr å vere annleis. Har ein ikkje denne sjølvtilliten, blir ein mobba.

Fokus på utsjånad

Ikkje alle jenter oppsøkjer helsesystrene på skulane. Men blant dei som gjer det, er det svært mange som slit med fokus på kropp.

— Opp mot halvparten av desse jentene har det ein kallar kroppsbilete-forstyrring. Fokuset på utsjånad blir sjukleg, og opptek det meste av tida, forklarer Børsheim.

— Det å vere flink på skulen betyr ikkje noko lenger, så lenge ein er «beautiful». Enkelte kan stå opp tre timar før skuletid for å sminka seg. Og førebileta er langt frå idrettskjendisar og andre sunne idol.

— Paris Hilton er den store heltinna, og det står ikkje på bling-bling og djupe utringingar, seier Børsheim.

Meir trygt før

Eivind Meland, lege og professor ved institutt for samfunnsmedisinske fag i Bergen, skriv under på funna til Børsheim.

— Det ligg i kulturen vår å evaluera oss sjølv utanfrå. Dette gjer oss særleg sårbare for massemedia, meiner han.

Meland meiner den vurderande kulturen må ta like mykje av skulda for at unge slit med kroppsbiletet.

— Når identitet går på utsjånad, blir det vanskeleg å leva opp til forventningane i eit stadig skiftande motebilete. Det var tryggare før, no må identiteten stadig skapast og gjenskapast.

ALARMERANDE: - Det er skremmande at unge jenter ikkje har nok sjølvtillit til å skapa sin eigen identitet, seier Siv Børsheim som har forska på jenter i Bergen sine haldningar til kropp og klede.