Pokerkofferten som er til sals inneheld terningar, to kortstokkar, sjetongar og spelereglar. Mellom anna for Texas Hold'em, pokervarianten som blir mest brukt på Internett.

Lotteri— og stiftingstilsynet ber no butikkeigarane fjerne spelet frå hyllene. Overfor avisa VG karakteriserer Atle Hamar det som grovt at leikebutikkar sel spel som kan gjere ungar speleavhengige.

Pokerspela skal ha selt svært godt i leikebutikkar og hos bokhandlarar over heile landet siste tida, og mange trur spela kan bli ein vinnar under årets juletre. Direktøren for Lotteri- og stiftingstilsynet vil no ta saka opp både med Forbrukar- og Barneombodet. Målet er å stoppe salet av denne typen spel. Ingen av dei to omboda ønsket i går å kommentere utspelet.

I følgje Odd Arild Olsen i Barnevakten på Sotra, ein organisasjon som gjev råd om barn og media, er det all grunn til å vere kritisk til ein del av dei artiklane som blir selde gjennom leikebutikkar:

— Leikebutikkar har siste åra tapt omsetnad, mellom anna til elektrobransjen. Vi har sett døme på at dei har prøvd å kompensere med varer som ikkje høyrer heime i den målgruppa desse butikkane skal rette seg mot.

Til Bergens Tidende seier Olsen at pokerkoffertane er døme på slike spel som no blir selde frå ein del leikebutikkar, og som etter hans syn ikkje høyrer heime der.

— Poker er eit kortspel for vaksne, meiner Olsen.

— Men er det noko skilnad på dette og fyrstikkpoker? Eller spel av typen Monopol, for den saks skuld?

— Ja, i utgangspunktet er dette tilrettelagt for å spele om pengar. Spel som Monopol blir noko anna.