Kravet er dermed meir enn seksdobla sidan Bergens Tidende først skreiv om pizzastriden i juli. Då sa advokaten til det italienske pizzaselskapet at dei ville ha ca. to millionar kroner i erstatning.

Pizzeriaen måtte stengje og vart kasta ut frå den norske leiren i Mazar-e Sharif i fjor, ei avgjerd italienarane ikkje aksepterer.

Nå har Forsvarsdepartementet fått søksmålet frå italienske Essegi Srl på bordet. Der krev selskapet opp til 13,6 millionar kroner frå den norske staten.«Vi har foretatt en konkret beregning basert på virksomhetens aktuelle og potensielle inntekter og kommet frem til at tapet er høyere enn jeg hadde antydet», skriv advokat Gian Luca Congeddu i ein e-post til Bergens Tidende.

Ikkje god nok leverandør

Pizzarestauranten i Camp Nidaros var i mange år populær blant soldatar og offiserar i Mazar-e Sharif. Dei serverte mat og drikke til soldatar frå ei lang rekkje land, i ein leir som er blant Afghanistans største.

I fjor var det slutt. Sjefen for dei norske styrkane var ikkje nøgd med råvareleverandørane som italienarane brukte. Selskapet greidde ikkje å skaffe ein ny leverandør innan fristen dei hadde fått, ein frist Essegi Srl meiner var urimeleg kort. Nordmennene stengde lokalet.

Essegi Srl vil ha erstatning både for tapte inntekter både frå pizzaen, og for ei internett-teneste dei hadde tenkt å tilby. I tillegg vil dei ha betaling for bygget som dei mista.

Livsfarleg smitte

Forsvaret har strenge reglar for matservering i Afghanistan, pga. frykt for sjukdom. I 2006 vart over 100 soldatar i leiren i Mazar e-Sharif smitta av dysenteri, og fleire var livstrugande sjuke.

Den italienske pizzasjappa skal fleire gonger ha fått pålegg om å skjerpe hygienen.

Essegi Srl meiner også at Forsvaret urettmessig har rive pizzabygget. Essegi Srl viser til at det var dei som bygde huset, og at dei dermed også har disposisjonsretten – sjølv om det ikkje finst dokumentasjon som viser kven som faktisk er eigar.

Søksmål på 198 sider

Butikk— og restaurantdrift i NATO-leirane i Afghanistan er lukrativt. Berre det siste halvanna året vart det omsett for 100 millionar kroner i dei norske leirane i Maimana og Mazar-e Sharif.

Kommunikasjonssjef John Espen Lien ved Forsvarets operative hovudkvarter sa til BT i juli at avtalen med italienarane vart sagt opp i tråd med kontrakten, fordi huset skulle vekk.

Han viste også til at det var «muligens misnøye med drift».

Forsvaret har nå fått 14 dagar på seg til å studere kravet og dokumentasjonen som Essegi Srl har samla saman – til saman 198 A4-sider. «Ved manglende tilbakemelding vil rettslige skritt iverksettes uten ytterligere varsel», heiter det i brevet til Forsvarsdepartementet.