— Eg fekk så mykje juling som eg aldri før har fått, har i følgje dommen ein nordfjording forklart etter at Førde-mannen og to kameratar banka han opp på Nordfjordeid i desember i fjor.

Hovuddelen av rettssaka for Nordfjord tingrett kom til å dreie seg nettopp om hendinga då dei tre ei førjulsnatt i fjor tok seg inn i bustaden til nordfjordingen. Der slo og sparka dei han fleire gonger. I tillegg knuste dei samtlege glasruter i stova, laga sofaen og salongbordet om til pinneved, reiv laus toalettskåla og dørene på komfyren og vaskemaskina. Grunnen var at nordfjordingen skulle ha tysta på ein av dei tre. Dei to kameratane har fått 90 og 60 dagars fengsel.

Når Førde-mannen har fått langt strengare straff, er grunnen at han også er domfelt for innbrot, tjuveri og skadeverk i forretningsbygget Elvegården i Førde. I tillegg er han dømd for å ha trua ei dame i resepsjonen på ein overnattingsstad i Førde. Ho nekta han rom for natta fordi han var så sterkt rusa.

Alle forholda mannen stod tiltalt for i Nordfjord tingrett er gjort like etter at han var sleppt fri på prøve etter ein annan dom.

I Nordfjord tingrett stod mannen også tiltalt for å ha påført ein person fleire kutt i ansiktet med kniv. Dette skjedde på ein båt som låg til kai ved eit verft på Sunnmøre. Under rettssaka blei tiltalepunktet trekt, og skal opp for retten seinare.

Mannen er altså ikkje dømd for det mest alvorlege punktet i tiltalen. Like fullt meiner retten dei andre brotsverka som er utført er så grove at straffa blei seks månader fengsel.

Alle dei tre som har fått dom er Nordfjord tingrett er tidlegare straffedømde. I Sunnfjord tingrett fekk den eine i vår fengselsstraff på eitt år og fire månader for vald og vinningsbrotsverk.