Dei seks kommunane som får kongebesøk er Tysnes, Austevoll, Fedje, Lindås, Austrheim og Radøy.

Kongeparet hadde planlagd å vitje desse kommunane i 2005, men besøket vart avlyst grunna Kongen sin sjukdom og fylkesturen utsett.

Fire av kommunane som no får kongeleg vitjing, har ikkje hatt kongeparet på offisielt besøk før.

-Vi ønskjer å presentere vårt aktive og kreative næringsliv og blomstrande kulturliv. Og naturen i Hordaland fins det jo ikkje maken til. Vi ser veldig fram til besøket, seier fylkesmann i Hordaland, Svein Alsaker.

Fylkesmannen og kommunane som får besøk har allereie jobba med programmet for kongebesøket sidan i fjor haust.

Kongeparet vil nytte Kongeskipet Norge under vitjinga.

— K/S Norge ankrar opp utanfor stadane som får besøk, og kongeparet kjem i land med sjalupp. Det blir eit fargerikt innslag at dei kjem med skipet, seier Alsaker.

Fylkesturen vert innleia på Tysnes den 16. juni kl. 10.00 og avslutta på Radøy den 18. juni om lag kl. 13.00.

— Eg reknar med festpynta bygder med flagget til topps. Vi har eit flott kongepar som folket er glade i, avsluttar Alsaker.

Sjå programmet her (pdf-fil)