I store delar av det 30 år gamle skulehuset er det så kaldt at det ikkje er forsvarleg å drive skule. Tidlegare i vinter har innetemperaturen fleire gonger vore ned på kring 15 grader. Skulen har likevel valt å halde ope. Men i dag tidleg sa rektor Ole Bosnes altså stopp. Dårleg vedlikehald får skulda.

– Eg syns det er litt pinleg at vi ikkje greier å halde temperaturen på eit normalt nivå, seier rektoren.

NRK Sogn og Fjordane oppmoda torsdag morgon om å sende inn lokale temperaturmålingar.

Dei viser at kulden verkeleg er i ferd med å feste grepet. På Strynefjellet var det i dag tidleg 40 minusgrader. I indre strok av Sogn og Fjordane har kvikksølvet mange stader krope under minus 20.

Også i Hordaland er det kaldt om dagen. Minus 14 garder ble det målt i natt.