I ei pressemelding skriv politioverbetjent Arvid Flæte, at dei hadde tre kontrollar i løpet av helga.

På E-16 i 60-sona ved Tønjum i Lærdal var det radarkontroll både fredag og søndag. Resultat: 19 forenkla førelegg og fem førarkort var beslaglagt. Høgste fart var 93 km/t.

På lørdagskvelden var det kontroll på riksveg 5 i 50-sona i Sogndal sentrum. Her vart 10 bøtelagt, medan ein måtte levera frå seg førarkortet etter å ha køyrd i 76 km/t.