Det er klart etter at Mattilsynet for Hordaland og Sogn og Fjordane har fått svar frå veterinærane om dei tek vakt eller ikkje på nattetid, helgar og helligdagar.

Områda som blir ståande utan vakt er:

n Tysnes, Samnanger og Fusa som skulle koplast saman med Kvam og Jondal.

n Vik og Balestrand som skulle slåast saman med Sogndal, Luster og Leikanger.

n Bergen nord (Åsane, Arna og Osterøy) og Bergen sør inkludert Os, Fjell, Sund, Øygarden og Askøy.

— I dei to førstnemnde områda seier veterinærane nei. Frå Bergen nord og sør har me fått eit usikkert svar, seier Trude Lien, rådgjevar ved Regionkontoret for Mattilsynet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Ein tredel av dei 161 vaktområda i landet ser ut til å bli utan veterinær frå kommande helg. Landbruksminister Lars Sponheim (V) meiner lova gir departementet opning for å kommandera veterinærar til vaktteneste.

— Det er høve til dette etter lova. Vi vurderer det, men eg er ikkje så oppteken av å truga med beordring no, seier Sponheim til NTB.

Full forvirring om lamming

I media har landbruksministeren lova full døgnbemanning i alle område under lamminga, noko Mattilsynet stiller seg undrande til.

— Me har ikkje høyrt noko om at det skal køyrast ekstra bemanning under lamminga. I Hordaland er det berre fire av elleve vaktdistrikt som har ekstra bemanning. Dette skal ikkje endrast, seier Trude Lien.

— Heilt utruleg, seier Arve Viken, leiar i Vestenfjeldske veterinærforening. Han meiner det er underleg at ikkje Mattilsynet har fått melding om at dei eventuelt må stokka om på ekstrabemanninga - dei såkalla sesongtillegga - under lamminga.

— Uansett korleis ein gjer dette, blir det ei kraftig redusering av bemanninga under lamminga i forhold til tidlegare år. Tek ein tilleggsvakta frå eit distrikt, blir andre ståande utan, seier Viken, som gruer seg til fredag.

— Eg synest verkeleg synd på mange av kollegaene mine. Veterinærane som seier nei, gjer det med tungt hjarte. Der dei seier ja, gruer dei seg. Mange må køyra 15 mil ein veg og ta skyssbåtar om natta. Kanskje kjem dei for seint fram.

-Kor er bøndene?

Ein av dyrlegane som har sagt nei til vakt er Oddfrid Vange Bergfjord i Sogndal. Eit gigantdistrikt frå Luster, Leikanger, Sogndal, Balestrand til Vik på sørsida av Sognefjorden er heilt uforsvarleg, meiner den unge veterinæren.

Ho etterlyser bøndene i debatten om veterinærvakta.

— Det er skuffande at bøndene ikkje har kome meir på banen. Det er dei det går ut over, men det har vore stille frå den kanten, seier Bergfjord.

I Fortunsdalen i Luster har Jan Norvald Steig satsa på samdriftsfjøs med 30 kyr og 35 ungdyr. Han føler bøndene ikkje har fått nok informasjon om omlegginga og tek ikkje til seg kritikken frå dyrlegen. Men eit spark til Sponheim har han klart.

— Dei nye vaktdistrikta er heilt håplause. Det er berre tull at Norge skal vera best på dyrevelferd.

Frå fredag må han og kyrne klara seg som best dei kan på kvelds- og nattetid. Naudslakt kan bli einaste utveg.