Folk har for låg terskel for å gå på legevakta. Fleirtalet av pasientane som trekkjer kølapp burde heller gått til fastlegen, på apoteket — eller pleie seg sjølv til det går over.

Dette kjem fram i ein ny rapport frå Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (NKL).

  • Altfor mange har ei oppfatning av at legevakta fungerer som eit kveldsope legekontor, seier stipendiat Lina Welle-Nilsen.

**Les også:

— Vi må prioritere dei sjukaste**

Går innom etter jobb

Ei legevakt er ei akuttmedisinsk teneste, og skal i prinsippet berre ta i mot pasientar som ikkje kan vente til neste dag. Men som observatør på 210 legevaktkonsultasjonar ved seks legevakter i Bergen og omegn, registrerte Welle-Nilsen at mange kom på grunn av vanlege plager som hoste, feber, sår hals, forkjøling og øyreverk.

Ho fortel om pasientar som går innom legevakta etter jobb, fordi «det passar så fint». Om foreldre, som tar med barnet rett frå barnehagen utan å ta temperaturen først. Om andre, som reiser på legevakta etter berre eit par timar med sår hals eller rennande nase.

— I forslaget til Nasjonal handlingsplan for legevakt står det at legevakta skal vere ein open kanal, ikkje ei open dør, understrekar Welle-Nilsen. I rapporten konkluderer ho med at:

***** Heile 62 prosent av pasientane kunne ha venta til neste kontordag hos fastlegen.

***** 28 prosent av konsultasjonane gjaldt vanlege helseplager som pasientane like enkelt kunne tatt hand om sjølve ved å gå på apoteket eller pleie seg sjølv.

Frikjenner pasientane

Når køen blir lang på legevakta, står akutt sjuke i fare for å måtte vente lengre på å få hjelp. På venterommet klagar pasientane over lang ventetid, og for dei tilsette blir belastninga større.

— Dersom fleire gjekk til fastlegen eller hadde betre evne til eigenomsorg, ville presset falle bort. Då kunne legevakta bruke ressursar på akuttmedisinske pasientar. Men det må tilførast meir ressursar til primærhelsetenesta og fastlegeordninga, seier Welle-Nilsen.

— Misbrukar mange legevaktordninga?

  • Nei, eg vil ikkje kalle det misbruk. Dette er ikkje pasientane sin feil. Men det handlar blant anna om kva slags erfaringar dei har gjort seg tidlegare. Kanskje er enkelte godt vande. Dei gjekk på legevakta sist og fekk hjelp. Då går dei neste gong også, seier Welle-Nilsen.

Mange oppsøkjer lege for raskt. Welle-Nilsen seier at folk må få større kunnskap om sjukdomsforløp og vanleg behandling, slik at dei blir meir komfortable med å sjå an tilstanden. To eksempel er ukomplisert auge- og øyrebetennelse hos småbarn.

— Studier viser at barn ikkje blir fortare friske med antibiotika.

Regel nr. 1: Fastlegen først

Welle-Nilsen var observatør på legevaktstasjonane på kveldstid og i helgar. Fleirtalet av pasientane viste seg å vere barn og unge vaksne:

***** Kvar tredje pasient var under 10 år.

***** 30 prosent var i alderen 21-40 år.

  • Barn under 10 år har gjerne foreldre mellom 20 og 40. Unge foreldre blir usikre når barnet er sjukt. Dei treng nokon å rådføre seg med, og det behovet må vi ta på alvor, seier Welle-Nilsen.

At så mange oppsøkjer legevakt, handlar også om mangel på informasjon. Mange er ikkje klar over at fastlegen skal ha ei viss mengd akuttimar kvar dag, og trur at dei må vente fleire dagar, kanskje veker, for å få time.

  • Når skal ein gå på legevakta?
  • Regelen er å prøve fastlegen først. Dersom du blir akutt sjuk utanom legekontorets opningstid, og er usikker på korleis du skal forhalde deg fram til kontoret opnar igjen, så rådfør deg med legevakta.
VENT: Etter eit par timar venting hadde Borghild Espelid (til v). mest lyst til å gå heim og leggje seg. Ho blei likevel verande. Mor og sjåfør Brita Lofthus held ho med selskap gjennom fire timar og ti minutt på venterommet.
Odd Mehus