Seks av ti i varetekt er utlendingar

Norske fengsel blir fylt opp av utlendingar, og blant varetektsfangar er dei i fleirtal. Berre starten, meiner Kriminalomsorgen region vest.

Les også:

Akkurat no sit fangar frå 29 nasjonar bak lås og slå i Bergen fengsel. Dei kjem frå land langt borte som Somalia, Vietnam, Irak og USA, og frå land som ligg berre nokre flytimar frå Flesland, som Litauen, Romania - og Sverige.

På tampen av 2009 er dette status i norske fengsel:

* Totalt har nær ein av tre fangar utanlandsk bakgrunn.

* Kring 60 prosent av fangane i varetekt kjem frå eit anna land.

Les også: Frykter soningskaos Frykter soningskaos

Fleire bak lås og slå
I Bergen fengsel har kvar tredje fange utanlandsk bakgrunn, opplyser direktør Per Sigurd Vaage i Kriminalomsorgen region vest.

- Dette er berre starten på ei ny tid som vi må innrette oss etter, seier Vaage.

I vestlandsregionen har talet på personar i varetekt stige med nær 30 prosent sidan juli i fjor, viser statistikken.

I hovudsak er det personar med utanlandsk bakgrunn som står for auken, opplyser Vaage, og pågangen har vore særleg stor det siste halvåret.

Trenden blir stadfesta av statssekretær Terje Moland Pedersen i Justisdepartementet.

- Det ser ut til å ha vore eit veldig hopp i oktober, og pågangen etter varetektsplassar er større enn nokosinne, seier Pedersen.

- Politiet gjer ein veldig god jobb for tida, og tiltaka mot omreisande kriminelle verkar.

Den siste tida er langt fleire utanlandske kriminelle blitt varetektsfengsla på grunn av unndragingsfaren. Målet er å få dei dømde før dei forlet Norge.

- Mange som sit i varetekt får relativt korte dommar, og ein del soner ferdig i varetektstida. I etterkant må dei ut av landet, opplyser Pedersen.

Flest frå Nigeria og Romania
Nigerianarar og rumenarar utgjer dei største utanlandske gruppene i Bergen fengsel akkurat no.

Tidlegare kom utlendingane som regel ein og ein om gongen, men no har norske fengsel fått ein ny kategori: Utanlandske, organiserte bandar som ofte kjem fire til fem personar i slengen.

Men livet bak lås og slå i Norge blir ikkje alltid som forventa.

- Mange får seg nok ei overrasking. I utanlandske fengsel er det langt større sosial kontakt mellom fangane, og ofte er dei samla i opphaldsrom med 30-40 personar. Men i Norge har vi einmannsrom, og det blir sett på som ei stor ulempe for personar frå slike land, seier Vaage.

- Fengsel i Norge er veldig einsamt, særleg varetektsfengsel. Her møter dei den harde sida av vårt samfunn.

Tungt å få dei heim
Så langt i år er vel 30 dømde utlendingar overførde til soning i heimlandet. For den politiske leiinga i Justisdepartementet er målet at alle skal sone i eige land.

- Ideelt sett skal alle ut så fort som mogleg. Det beste er at alle får sone i heimlandet. Men det er ingen grunn til å leggje skjul på at dette er komplisert å få til, seier statssekretæren.

På Vestlandet forventar regiondirektør Vaage at det internasjonale tilsnittet i fengsla vil vere høgt også framover.

- Men vi har berre eit visst tal på plassar, og varetektsdelen er høgast prioritert. Anten må vi bu oss på lengre soningskøar i framtida, eller bruke opne fengsel i større grad enn tidlegare.

Sjølv går Vaage for det siste alternativet.

- Praktisk erfaring frå Bjørgvin fengsel viser at mange kan sone straffa utan at dei nødvendigvis sit bak høge murar.

KJELDER: JUSTISDEPARTEMENTET. KRIMINALOMSORGA REGION VEST. STORTINGSMELDING NR. 37 (2007-2008). AFTENPOSTEN. KRIPOS.

Les også

Siste fra Lokalt

Fisker biler ved Knarvik

Politiet er i ferd med å hente opp flere dumpede biler fra Haglsundet.

Kaos på Flesland

Person med kjøkkenkniv slapp gjennom sikkerhetskontrollen.

Tobarnsmor omkom

Navnet til den 31 år gamle kvinnen som omkom i trafikkulykken på Sotra søndag, er nå frigitt.

Nå er det utbrudd

Influensaen er her.

- Jeg trodde først det var en hest

Se hjorten løpe rundt på veien i Bergen!

Relaterte bilder

FOTO: BERGENS TIDENDE

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger