Akkurat no sit fangar frå 29 nasjonar bak lås og slå i Bergen fengsel. Dei kjem frå land langt borte som Somalia, Vietnam, Irak og USA, og frå land som ligg berre nokre flytimar frå Flesland, som Litauen, Romania — og Sverige.

På tampen av 2009 er dette status i norske fengsel:

  • Totalt har nær ein av tre fangar utanlandsk bakgrunn.
  • Kring 60 prosent av fangane i varetekt kjem frå eit anna land.

**Les også:

Frykter soningskaos**

Fleire bak lås og slå

I Bergen fengsel har kvar tredje fange utanlandsk bakgrunn, opplyser direktør Per Sigurd Vaage i Kriminalomsorgen region vest.

— Dette er berre starten på ei ny tid som vi må innrette oss etter, seier Vaage.

I vestlandsregionen har talet på personar i varetekt stige med nær 30 prosent sidan juli i fjor, viser statistikken.

I hovudsak er det personar med utanlandsk bakgrunn som står for auken, opplyser Vaage, og pågangen har vore særleg stor det siste halvåret.

Trenden blir stadfesta av statssekretær Terje Moland Pedersen i Justisdepartementet.

  • Det ser ut til å ha vore eit veldig hopp i oktober, og pågangen etter varetektsplassar er større enn nokosinne, seier Pedersen.
  • Politiet gjer ein veldig god jobb for tida, og tiltaka mot omreisande kriminelle verkar.

Den siste tida er langt fleire utanlandske kriminelle blitt varetektsfengsla på grunn av unndragingsfaren. Målet er å få dei dømde før dei forlet Norge.

— Mange som sit i varetekt får relativt korte dommar, og ein del soner ferdig i varetektstida. I etterkant må dei ut av landet, opplyser Pedersen.

Flest frå Nigeria og Romania

Nigerianarar og rumenarar utgjer dei største utanlandske gruppene i Bergen fengsel akkurat no.

Tidlegare kom utlendingane som regel ein og ein om gongen, men no har norske fengsel fått ein ny kategori: Utanlandske, organiserte bandar som ofte kjem fire til fem personar i slengen.

Men livet bak lås og slå i Norge blir ikkje alltid som forventa.

  • Mange får seg nok ei overrasking. I utanlandske fengsel er det langt større sosial kontakt mellom fangane, og ofte er dei samla i opphaldsrom med 30-40 personar. Men i Norge har vi einmannsrom, og det blir sett på som ei stor ulempe for personar frå slike land, seier Vaage.
  • Fengsel i Norge er veldig einsamt, særleg varetektsfengsel. Her møter dei den harde sida av vårt samfunn.

Tungt å få dei heim

Så langt i år er vel 30 dømde utlendingar overførde til soning i heimlandet. For den politiske leiinga i Justisdepartementet er målet at alle skal sone i eige land.

— Ideelt sett skal alle ut så fort som mogleg. Det beste er at alle får sone i heimlandet. Men det er ingen grunn til å leggje skjul på at dette er komplisert å få til, seier statssekretæren.

På Vestlandet forventar regiondirektør Vaage at det internasjonale tilsnittet i fengsla vil vere høgt også framover.

— Men vi har berre eit visst tal på plassar, og varetektsdelen er høgast prioritert. Anten må vi bu oss på lengre soningskøar i framtida, eller bruke opne fengsel i større grad enn tidlegare.

Sjølv går Vaage for det siste alternativet.

— Praktisk erfaring frå Bjørgvin fengsel viser at mange kan sone straffa utan at dei nødvendigvis sit bak høge murar.

KJELDER: JUSTISDEPARTEMENTET. KRIMINALOMSORGA REGION VEST. STORTINGSMELDING NR. 37 (2007-2008). AFTENPOSTEN. KRIPOS.

BERGENS TIDENDE