I mars i år blei faren dømt til 120 dagars fengsel — 90 av dei på vilkår - for å ha bortført sine to sønar hausten 1999. Dei var då åtte og ti år gamle.

Etter å ha plukka opp gutane i Danmark medan dei var på veg til skulen, heldt Per Kristensen dei i skjul for mora i fire månader ulike stader i Noreg inntil han melde seg sjølv for politiet i Bergen. I perioden underviste faren ungane, og han gav uttrykk for at dei tre hadde ei fantastisk tid saman. Seinare har ungane budd med mora i Danmark.

I Sunnhordland heradsrett stod Per Kristensen frå Halsnøy i Kvinnherad ope fram og fortalte om kampen for foreldre- og samvereretten for ungane sine. Han kom saman med forsvararen, advokat Morten Kjensli med kraftige åtak på både barnevern og politi i Kvinnherad.

Lensmannen formante

I sitt vitneprov i retten kom Kvinnherad-lensmann Jan Ludvik Fosse med ein appell til foreldre om å tenkja mindre på seg sjølve og meir på ungane i barnefordelingssaker.

I rettsforhandlingane kom det også fram at ungane, spesielt eldstemann, fleire gonger sette seg til motverge når barnevern eller politi skulle henta dei heim til mora. Høgsterett tilkjente henne i 2000 både foreldre- og samvereretten. Då hadde foreldra sin strid om denne retten versert i rettsapparatet sidan 1995.

Barnevernet braut lova

I strid med lovverket tok barnemora (39) med seg ungane til Danmark to gonger våren 1998 utan faren sitt samtykke, siste gongen med aktiv og økonomisk støtte frå barnevernet i Kvinnherad. I juli i år avgjorde Sunnhordland heradsrett å avvisa eit krav frå Per Kristensen om å leggja ned reiseforbod frå Noreg for den eldste sonen etter feriebesøk. Retten grunngav vedtaket med at faren er frådømt foreldreansvaret, og såleis ikkje kan forlanga reiseforbod etter barnelova.