Enno er det etterdønningar i retten etter Ølen-skøyta «Eldbjørg» som klappa til kai med 15.000 liter smuglarsprit våren 1996.

Gulating lagmannsrett har no avgjort at dei tre Ølen-mennene som eigde «Eldbjørg» kan få høve til å føra nye bevis for å reinvaska seg frå alle mistankar om deltaking i smuglinga.

Ølensbuane hadde leigd bort «Eldbjørg» og blei varetektsfengsla som medsamansvorne då smuglinga blei avslørt i Rekefjord i Rogaland 6.mars 1996. Seinare er dei frifunne for smugling, medan dei tre sørlendingane som leigde båten har sont sine straffer for forholdet. Sørlendingane avviste at båteigarane hadde noko med saka å gjera, men ølensbuane fekk ikkje føra dei som vitne.

Dokument borte

Trass frifinning i 1997, såg retten det som sannsynleg at reiarane visste kva båten skulle nyttast til på turen til Danmark i mars 1996.

Dette ønskjer dei ikkje å ha hengjande på seg, og har prøvd å føra vitne og få fram dokument som understøttar synet.

Ikkje har dei fått føra det dei meiner er sentrale vitne, i tillegg har politiet rota bort viktige skipsdokument som blei beslaglagt i båten — blant anna loggbok og rekneskapsoversyn. Erstatning

— Endeleg ser det ut til at retten opnar for ny bevisførsel. Men me har blitt skuffa så mange gonger før at me ikkje lenger trur alle opplysningar blir lagt på rettens bord. Dessutan er to aktuelle vitne døde, seier Kåre Johannes Welle til Bergens Tidende.

Dei tre båteigarane har fått 75.000 kroner i erstatning for ein månad i varetekt og beslaglegging av «Eldbjørg» i 15 månader.

Dei kravde millionerstatning for blant anna tapte leigeinntekter i den lange perioden båten var i beslag. I dag er båten selt og blir nytta som fritidsfartøy.

ENNO FLYTANDE: Ølen-skøyta «Eldbjørg», her fotografert i 1997, er ein gjengangar i rettssystemet i Sunnhordland, Gulating og Høgsterett.
FOTO: OVE OLDERKJÆR