Tre barn har kome til verda på Haukeland hittil i år, og tre er på veg, opplyser informasjonsavdelinga ved sjukehuset.

Dei andre sjukehusa i Hordaland ventar framleis på sine nyttårsbarn. På Voss, Stord og i Haugesund har dei førebels ingen fødslar på gang. I Odda har dei håp om at nyttårsbarnet kjem i løpet av dagen.

Sogn og Fjordane var også langt unna å få årets nyttårsbarn. Tirsdag formiddag hadde det framleis ikkje vore nokon fødslar ved dei tre sjukehusa i fylket. Ved Lærdal og Nordfjordeid er det heller ikkje nokon på veg.

Den første nye borgaren i Sogn og Fjordane kjem mest sannsynlig ved Førde sentralsjukehus.

— Me har tre kvinner som kom inn i dag tidleg, men ingen har fødd enno, seier Wenche Bakken ved fødeavdelingen.

Les meir om årets nyttårsbarn i morgondagens avis