OVE ARNE OLDERKJÆR

Forseinkingane i gassprosjektet i Finnmark påfører Statoil store ekstrakostnader, meirarbeid på Melkøya-anlegget, og alternative gassleveransar til kundane i USA og Europa.

— Vi kan ikkje basera oss på at Dragados greier å gjera ferdig gassfabrikken før leveransen til sommaren. Så det blir sannsynlegvis ferdigstillingsarbeid på Melkøya, seier «Snøhvit»-prosjektets informasjonsleiar Sverre Kojedal.

Aker Kværner har opsjon på eventuelt ekstraarbeid på landanlegget på Melkøya i Hammerfest. Men fullføringa av ein uferdig gassfabrikk frå det spanske Dragados-verftet kan óg bli sett bort til andre, fortel Kojedal.

Flomålet avgjer

Forseinkingane på gassfabrikken skal skuldast både dårleg framdrift hos Dragados og seine teikningleveransar frå det tyske Linde-selskapet.

Gassfabrikken er plassert på ein lekter som skal seglast inn i ein spesiallaga dokk på Melkøya-anlegget. Lekteren må bli taua frå Spania i slutten av juni for å nå den ømfintlege landingsprosessen på Melkøya. Bestemte straum- og flomålforhold gjer at landsetjinga må skje i slutten av juli.

Dyrare, seinare

I fjor blei det kjent at «Snøhvit» ligg an til ein kostnadssprekk på over 11 milliardar kroner i høve til godkjenninga av prosjektet i Stortinget i 2000. Samla pris er no kalkulert til 51,3 milliardar kroner.

«Snøhvit» kjem i full produksjon først eit halvt år etter planlagt oppstart 1.oktober 2006.

Dominoeffekten av forseinkingane er at Statoil må finna alternativ gass til mottakarane i USA og Spania fram til første kvartal 2007. Dei franske lisensmedeigarane i «Snøhvit», Total og Gaz de France må óg skaffa seg alternativ gass.

Gassfabrikken på Melkøya skal ta imot naturgass frå undersjøiske installasjonar 14 mil ute i havet. Den nedkjølte, flytande LNG-en (liquid natural gas) skal skipast til kundar i Amerika og Europa i tankfartøy.

— Vi har sagt at ingen skal bli skadelidande av forseinkingane, seier informasjonsleiar Sverre Kojedal. Som legg til at framdrifta på anlegga på Melkøya og hos Dragados i Spania for tida er svært god.