— Tidlegare tykte eg at dette var eit gjevande yrke som gav meg noko, no har eg berre dårleg samvit når eg går ut av døra, seier omsorgsarbeidar Liv Haugland til Fjordabladet.

I 25 år har ho arbeidd med eldreomsorg på dei to institusjonane i Eid kommune. No har ho bestemt seg for å slutte fordi ho ikkje lenger orkar å vere utslitt og ikkje kunne gje bebuarane den omsorgen dei treng.

— Når ein av pasientane vart urolege, var det lettast å lukka døra i staden for å trøysta. Slik skal det ikkje vere, seier ho.

— Eg har dårleg samvit fordi eg føler at eg ikkje har hatt nok tid til å gjere ein god nok jobb for pasientane. Difor har eg kome fram til at eg ikkje vil meir. I dag vert det stilt urealistisk krav til effektivitet, som går ut over både pasientar og tilsette. For pasientane i form av dårlegare omsorg, og for dei tilsette eit umenneskeleg arbeidspress med påfølgande sjukemeldingar, seier Liv Haugland til Fjordabladet.

- Tør ikkje snakke

Etter at Haugland stod fram i Fjordabladet på laurdag har ho fått mykje støtte både frå ordføraren i kommunen og frå kolleger som kjenner seg igjen i det ho seier. Tidlegare har også fleire pårørande gått ut mot det dei meiner er uverdige forhold i eldreomsorga. Men til no er det ingen andre tilsette enn Liv Haugland som har våga å snakke offentleg.

– Dei er redde for jobbane sine. Leiinga har gitt klar beskjed om at den skal godkjenne eventuelle offentlege utspel, seier ho.

Liv Haugland er fostermor og har no permisjon frå jobben som omsorgsarbeidar ved Eid Eldretun. Når permisjonstida er ute vil ho ikkje tilbake, så lenge bemanninga er slik den er i dag.

— Det einaste som kan avhjelpe situasjonen ved institusjonane er auke i talet på tilsette. Sjølv har eg brukt skrittmålar. I løpet av ei sekstimarsvakt har eg gått, eller sprunge, fem kilometer, seier ho.

Sjukare pasientar

Liv Haugland legg ikkje skjul på at ho meiner at ein hadde langt betre tid til pasientane tidlegare. Ho seier også at ho i lang tid har følt at utviklinga har gått i feil retning.

— Terskelen for å kome inn på institusjonane er langt høgare i dag enn kva det var tidlegare. Det betyr at pasientane vi får inn i dag er sjukare og meir pleietrengande enn tidlegare. Politikarane i kommunen burde tatt seg ei vakt for å sjå verkelegdomen i kvitauget, seier Haugland.

Liv Haugland meiner at politikarane i Eid prioriterer feil.

— Det er heilt sikkert flott å byggje nytt kulturhus til nokre titals millionar kroner, men eg sit med ein litt beisk smak i munnen når eg ser kor mange andre viktige oppgåver som sårt treng meir pengar.

Omsorgsarbeidaren er usikker på kva ho skal gjere når permisjonstida er over.

— Jeg har førebels god tid til å tenkje på det, seier ho.

Tormod Flatebø/Fjordabladet