Kommunane i området fryktar i tillegg utslepp. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane meiner søknaden er mangelfull, og krev utgreiing av konsekvensane før det blir vurdert å gå vidare med planane.

Det er selskapet Fensfjord Fortøyning som søkjer om å leggje ut fem fortøyingsbøyer for tankskipa som trafikkerer Mongstad-terminalen. Bøyene skal brukast av skipa som «ligg i kø» for å laste på raffineriet. Dei kan også bli brukte til å ankre opp skip for å gjere mindre reparasjonar.

Uhell sist vinter

To av bøyene skal plasserast i Gulen, dei tre andre i Masfjorden. Den eine skal plasserast i Brandangersundet mellom fastlandet og Sandøyna. Dei fire andre ligg alle i sjølve Fensfjorden.

I dag er det ei slik fortøyingsbøye i området, plassert heilt sør i Brandangersundet. Men etter eit uhell sist februar har bøya, ifølgje Gulen-rådmann Reidun Halland, ikkje vore i bruk.

— Det som skjedde var at det blei kluss då ein båt skulle hekte seg på. Kjettingen rauk, og bøya blei trekt under vatn, fortel Halland.

Hendinga førte til høyring i regi av Veritas. I samband med høyringa forsikra Fensfjord Fortøyning om at det aldri var fare for at tankskipet kunne drive på land. Situasjonen var heile tida under kontroll.

— Kor alvorleg denne situasjonen var, er vanskeleg for oss å vite. Men det viser i alle fall at ikkje alle rutinar kan ha vore på plass, seier Gulen-rådmannen til Bergens Tidende.

Folkeaksjon

Masfjorden kommune har sagt tvert nei til søknaden. Gulingane er ikkje så kompromisslause, men også der er skepsisen stor. Dersom Kystverket stiller seg positiv til søknaden, har kommunen bedt om å få vurdere planane på ny.

— I dag ligg tankskipa i open sjø når dei ventar på å komme inn til terminalen. Vi trur ideen om å leggje til ved bøyer i utgangspunktet er god, og at det kan bli tryggare på denne måten. Men vi må få på bordet betre dokumentasjon før vi kan ta stilling til det, seier Halland.

Også for tre år sidan blei det søkt om å leggje ut ei ny bøye i Brandangersundet, men det blei aldri noko av. Planane skapte sterk motstand lokalt, og det blei mellom anna sett i gang ein større underskriftsaksjon.

Midt i småbåtleia

Også Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er kritisk til planane, og peikar på at det manglar opplysningar om kor ofte bøyene vil bli brukte. I tillegg er verken støy og avgassar frå manøvrering av skip eller risikoen for oljeutslepp vurdert.

Fylkesmannen meiner likevel at det er store konfliktar knytt til prosjektet. Ikkje minst gjeld det bøya i Brandangersundet, ei plassering som tidlegare er frårådd.

— Denne lokaliteten ligg tett opp til eit område som har regional verdi for båtliv og friluftsliv. Brandangersundet er hovudleia for småbåttrafikken langs kysten. Sundet er lagt ut som frilufts- og ferdselsområde i sjø, og er med nokre unntak i dag lite prega av tekniske inngrep, skriv seksjonsleiar Jofred Takle i ei fråsegn til Kystverket.

Som kommunane i området er fylkesmannen også uroa over faren for utslepp.

— Dersom denne saka blir køyrt vidare i systemet, må det gjerast ei betre utgreiing av konsekvensane, er kravet.