Kraftutbygginga i Sunnfjord er sterkt omstridd fordi den delvis skal gå føre seg innanfor grensene til Jostedalsbreen nasjonalpark.

— Grønt lys for kraftutbygging vil vere svært uheldig, både i forhold til framtidig nasjonalparkpolitikk og kraftutbygging i urørt natur, meiner rådet.

SRN samlar dei største frilufts- og naturvernorganisasjonane i landet. Både Den Norske Turistforening, Naturvernforbundet, Norges Jeger- og Fiskeforbund og World Wildlife Fund-Norge er med i rådet. Dei ber no om eit møte med statsrådet før endeleg avgjerd blir fatta.

Utbygginga i Kjøsnesfjorden skal totalt gje 230 GWh, og vil innebere eit titals bekkeinntak. I tillegg er planen å regulere Trollavatn som ligg innanfor nasjonalparkgrensa. Dersom det blir gitt grønt lys, vil det vere første gongen det blir gitt løyve til kraftutbygging i ein norsk nasjonalpark.

SRN understrekar at ei realisering av prosjektet vil redusere arealet med villmarksprega område med 12 kvadratkilometer. Konsekvensane vil bli store for friluftsliv og naturoppleving, mellom anna fordi mykje brukte turruter blir uråd å bruke. Heving av Trollavatn vil hindre trygg passasje ned frå Jostedalsbreen.

Både Direktoratet for Naturforvaltning og Norges vassdrags- og energidirektorat har gått mot utbyggingsplanane. Men lokalt i Sunnfjord har sterke krefter vore i sving for å få departementet til å gje grønt lys for eit prosjekt som er økonomisk gunstig. I tolvte time har også utbyggjaren, Sunnfjord Energi, endra planane. Etter kontakt med departementet vil det no bli laga tunnel inn i utbyggingsområdet, i staden for anleggsveg i dagen. Dette skal gjere utbygginga meir miljøvennleg, eit syn SRN ikkje deler:

— Dette endrar ikkje hovudkonflikten. Kraftutbygging i Kjøsnesfjorden vil vere eit inngrep i eit sårbart og urørt landskap, understrekar samarbeidsrådet.

Då Olje- og energidepartementet var på synfaring tidlegare i år, blei det sagt at avgjerda ville bli tatt før sommarferien. Men svaret frå statsråden har late vente på seg, noko som tyder på at dette har blitt ei vanskeleg sak for regjeringa.