Det er Marine Harvest AS som har søkt om å etablere anlegget i nedre del av Fjæraelva. Anlegget skal bli 35 dekar stort og ha ein årleg produksjon på 7,5 millionar smolt.

Bygginga vil innebere ei utfylling av området og plastring av elvebreidda på begge sider av elva for å unngå flaumskadar. Setjefiskanlegget vil påverke vassføringa på heile den lakseførande strekninga av Fjæraelva, skriv Fylkesmannens miljøavdeling i ei utsegn.

Sårbar

Bestanden av villaks i Fjæraelva er rekna som «Sårbar – nær tolegrensa» av Direktoratet for Naturforvaltning. Elva har i tillegg ein bestand av sjøaure og ein fåtalig bestand av ål, som står på raudlista for artar i Noreg.

Fylkesmannen ser at dei samfunnsøkonomiske verknadene, med inntil 15 årsverk knytt til anlegget, kan vere positiv.

Samstundes meiner etaten at verknadene på biologisk ferskvassliv vil vera negative, og kan føre til at ein sårbar bestand av villaks og ål døyr ut.

Mekling

Fylkesmannen er også skeptisk til storleiken på utbygginga, med inntil 27.000 kvadratmeter næringsbygg og ei mønehøgde på 16 meter.

«Omsøkte etablering vil difor ikkje vera i tråd med prinsippet om ei langsiktig og berekraftig samfunnsplanlegging» skriv Fylkesmannen og fremjar motsegn til planen. Det tyder at Etne kommune må gå til mekling om dei ønskjer å få gjennomslag for prosjektet. I siste ledd kan saka bli klaga til Miljøverndepartementet.