— Folk i Samnanger er harme over det dei har fått visst om Kvammapakken. Dei meiner det er frekt av Kvam kommune å vedta bomstasjon på kommunegrensa i Eikedalen, så langt frå prosjekta som er langt inn i Kvammapakken, seier ordførar Marit Aase, KrF, til Bergens Tidende.

Samnanger kommunestyre hadde saka oppe torsdag kveld.

— Eg har ikkje møtt nokon her i Samnanger som seier noko positivt om Kvammapakken. Ikkje i kommunestyret heller, og det var eit samla kommunestyre som gjekk i mot, seier Aase.

Handlar i Norheimsund

Det er Kvam Bompengeselskap som har bede om uttale til bompengepakken. Kvam kommune er ferdig med si handsaming av saka etter at Kvammapakken vart vedteken i kommunestyret onsdag 26. oktober. Neste steg er samferdsleutvalet, fylkesutvalet og fylkestinget i desember. Uttalen frå Samnanger vert då ein del av saksgrunnlaget til fylkeskommunen.

— Det er mange i Samnanger som reiser på handletur til Norheimsund. Og så har dei slekt og vener der. Vi ser av prosjektlista i Kvammapakken at tunnel og gang- og sykkelveg mellom Øystese og Norheimsund står øvst på lista med 90 og 40 millionar kroner. Først på 3. plass kjem trafikksikring over Kvamskogen med berre 25 millionar. Då meiner vi i Samnanger at det burde vore rimeleg med ein bomstasjon mellom Norheimsund og Øystese. Og kanskje og mellom Norheimsund og Vikøy, der det og skal brukast bompengar.

Ros til Kvam

— Då hadde bompengane vorte kravde inn nett der dei skal brukast, understrekar Marit Aase, som sjølv er frå Vikøy.

— Hadde det vore lettare å få ja frå Samnanger dersom gang- og sykkelveg over Kvamskogen hadde vore hovudprosjektet i Kvammapakken?

— Ja, det trur eg.

— Men når dette er sagt, så må eg samstundes gje ros til Kvam kommune, som går i gang og satsar på vegutbetring, seier Samnanger-ordføraren.