SV vil blitt kvitt alle opne russcener i Bergen innan 2015 er omme, og øvst på lista står Nygårdsparken. I ein ny rusplan lanserer Bergen SV fleire kontroversielle tiltak for å nå visjonen. Eit av dei er sprøyterom i Åsane, Loddefjord og Bergen sentrum.

— Vi kan ikkje innta ein moralsk posisjon som fører til at folk ikkje får hjelp der dei er, seier Oddny Miljeteig (SV), bystyremedlem og leiar for komite for Helse og sosial.

— Sprøyterom er svært omstridd?

— Eg blir redd når eg blir møtt med argument om at sprøyterom er det same som å gi opp. Eg er sikker på at ein slik politikk er med på å ta liv.

Straxhus med sprøyterom

Alle sprøyterom skal vere underlagt Straxhuset, eit lågterskeltilbod for rusavhengige i kommunal regi. Men eit vilkår i rusplanen til SV er at Straxhuset ikkje blir flytta ut av sentrum til Damsgård – eller "bygda", for å sitere Miljeteig – slik byrådet har bestemt.

— Vi vil ha Straxhuset i sentrum i kombinasjon med sprøyterom. Erfaringar frå Frankfurt viser at eit breispektra lågterskeltilbod i kombinasjon med sprøyterom er det som fungerer, seier Miljeteig.

— Kvifor bør nettopp Loddefjord og Åsane få sprøyterom?

— Fordi dette er bydelar som vi veit har sitt å stri med, og som ligg i ein viss avstand til sentrum. Men det kan vere at det like gjerne kunne vore Fana eller Ytrebygda, og vi diskuterer gjerne kva som er dei rette bydelane.

- På høg tid

— Dra te sjøs, seier den pensjonerte sjømannen Norvald Gregersen i Loddefjord.

Han sit i solveggen utanfor Vestre Vadmyra nr. 7 med kaffi, VG og rullings. Gregersen er overraska over forslaget til Bergen SV, men ikkje fordi det er kontroversielt.

— Eg som trudde dei hadde innført sprøyterom for lengst! Det er på høg tid.

Heller ingen andre rundt bordet har innvendingar mot sprøyterom i nabolaget. Tvert om. Dei er leie av å plukke opp brukte sprøytespissar på dugnaden.

— Vi veit kva vi snakkar om. Til og med i sandkassene har vi funne sprøyter, seier Erna Jarle Hansen, som har budd i Loddefjord i 41 år.

— Og i barnehagen, legg Leif-Tore Grimstad til.

Råd om heroinbruk

SV meiner også at Bergen bør stille seg positiv til medisinsk utdeling av heroin til dei aller mest utsette injiserande rusavhengige. Dessutan bør heroinavhengige motiverast til å røykje stoffet i staden for å bruke sprøyter.

— Er det verkeleg politikarane si oppgåve å gje råd om narkotikabruk?

— At Norge ligg på overdosetoppen i Europa har ei årsak, seier fagfolk: Nemleg at dei mest heroinavhengige brukar sprøyter. Det er mykje farlegare enn å røykje heroin. Derfor er dette eit skadereduserande tiltak, og å få det gjennomført er politikk. Alt i planen har som siktemål å minske risiko, redde liv og gje rusavhengige større verdigheit, svarar Miljeteig.

Eigen prosjektsjef

For å forhindre at rusavhengige blir kasteballar i det offentlege hjelpeapparat, vil Bergen SV ha på plass ein eigen prosjektsjef. Denne skal samordne tilbodet og styrke samarbeidet mellom Bergen kommune, spesialisthelsetenesta, politi og andre institusjonar i rusfeltet.

Dessutan skal prosjektsjefen umiddelbart starte arbeidet med ein konkret femårsplan mot større og opne russcener. Den nye stillinga skal vere direkte underlagt byrådsleiaren, og prosjektsjefen skal rapportere til bystyret i Bergen ein gong i halvåret.

Hva mener du om sprøyterom? Si din mening her!