• Sexhjelparar kan motvirke tung depresjon hos funksjonshemma, meiner Kjellaug Sjøthun i CP-foreningen på Vestlandet.

KJERSTI MJØR OG NTB

Gratis prostitusjon eller hjelp til eit fullverdig sexliv? Reaksjonane er blanda, etter at Lotus-prosjektet i Vestfold vil tilby sexhjelpar-teneste for vaksne funksjonshemma.

Sexhjelparane skal bistå med alt frå råd og kunnskap om sex til samleie med handikappa klientar, og prosjektet har fått cirka 100.000 kroner i fylkeskommunal og statleg støtte

Leiaren i CP-foreningen i Hordaland og Sogn og Fjordane, Kjellaug Sjøthun, helsar sexhjelparar velkomne også på Vestlandet.

— Nøytrale, profesjonelle sexhjelparar kan redde mange funksjonshemma frå tung depresjon, meiner Sjøthun.

Tabu å snakke om sex

Ho hevdar at eit ofte livslangt fråvær av sex kan føre til store psykiske problem hos funksjonshemma.

Sjøthun bur på Sotra, og har ei vaksen dotter med cerebral parese. Gjennom åra har ho halde mange føredrag om seksualitet og funksjonshemming.

— Mangelen på seksualliv er eit stort problem. Samtidig er dette det mest tabubelagte samtaletemaet hos funksjonshemma, foreldre og nærmiljø, seier ho.

— Dei har same behov og kjensler som andre, men kan ikkje på same måte gå på dans eller bar, treffe nokon og ta dei med seg heim. I staden er dei henviste til sexfilmar eller slibrige nettsider.

Treng hjelp til å bruke sexhjelpemiddel

Funksjonshemma kan rett nok få sexhjelpemiddel via trygdekontoret, men ikkje hjelp til å bruke dei. Dermed er mange like langt.

— Dei færraste ønskjer hjelp frå nære vener eller heimehjelpa. Å kunne ringe til ein sexhjelpar som kan bistå med bruk av tekniske hjelpemiddel, vil vere mykje betre, seier Sjøthun til BT.

Hittil har mange funksjonshemma hatt valet mellom å vere ikkje-seksuelle menneske, eller ty til prostituerte. Lotus-prosjektet kjem ikkje til å forby sexhjelparane å ha samleie med klientane.

Men på dette punktet er Sjøthun i tvil.

— Her må det vere ein viss etikk. Samleie bør berre skje dersom begge partar føler at det er greitt. Det er viktig at det ikkje skjer overgrep.

- Heilt bak mål

Ideen om sexhjelparar er henta frå Nederland. Ifølgje NRK er erfaringane derifrå gode: Funksjonshemma sluttar å bruke prostituerte, og mange har godt utbyte av å ha sex med jamne mellomrom.

Men sentralstyremedlem i Norges Handikapforbund, Anne Berit Kolås i Meland, tek sterk avstand frå ideen.

— Det er heilt bak mål! Det blir heilt feil om ei gruppe får eit spesialtilbod som minner om gratis prostitusjon, seier Kolås til BT.

— Prostistusjon blir jo sett på som umoralsk og ulovleg av resten av samfunnet. Vi jobbar for likestilling, og for at det skal bli slutt på diskriminering av funksjonshemma. Kor blir det av likestillinga her, spør Kolås.

Forbodet mot formidling og sal av seksuelle tenester fører til at Lotus-prosjektet kan bli ramma av hallikparagrafen. Lotus på si side vil arbeide for ei lovendring.

JA TIL SEXHJELPARAR: Leiar i CP-foreningen, Kjellaug Sjøthun på Sotra, meiner at sexhjelparar er eit nødvendig tilbod til funksjonshemma, som ikkje kan leve ut seksualiteten sin på andre måtar. <br/>Foto: ØRJAN DEISZ