Innstillinga kjem på trass av så godt som alle kommunane som vil få kraftspennet innom kommunegrensene sine, er negative.

– Vi har eit meir overordna ansvar enn kommunane, seier rådmann Jan Øhlckers på svar på spørsmål om ikkje fylkeskommunen burde teke seg ad notam det sterke engasjementet i kommunane.

– Eg er dessutan ikkje så sikker på om motstanden er så stor, seier Øhlckers.

I tilrådinga sluttar fylkeskommunen seg til at det blir for dyrt å leggje lina i kabel. Saka skal opp i fylkesutvalet neste veke.