— Han lova ingenting, men høyrdest positiv ut. Det har han gjort fleire gonger før også, men til no har det vorte nei, nei og atter nei, same korleis vi føyer oss, seier Frode Voll til Bergens Tidende.

Han er pådrivar for fellesbruket som vil reisa stor, moderne driftsbygning i nærleiken av Hove steinkyrkje i Vik. I går kom Riksantikvaren på synfaring til Vik.

Og det vart altså ja frå riksantikvar Nils Marstein. Han er nøgd med at bøndene har endra på sine opphavlege planar for å koma Riksantikvaren i møte.

— Vi har aldri vore imot fellesprosjektet, men til utforminga og plasseringa. No er fjøsen flytta lenger vekk og lågare i terrenget, og det meiner vi er akseptabelt, seier Marstein til BT i går kveld.

Ved hjelp av ein svær modell med diverse lause delar, synte arkitekt Ottar Wik, i arkitektfirmaet John Vikøren, korleis Marstein ytterlegare kan blidgjerast.

— Avstanden kan aukast til 100 meter (opphavleg 60), bygget kan senkast ein god halvmeter i terrenget, og gøymast bak ein kunstig jordvoll som det kan plantast tre på. Arealet kan reduserast noko, og høgda med ein meter. Torvtak gjer bygningen nesten usynleg, demonstrerte Wik.

Det var altså nok for Riksantikvaren.

— Dette er ei bra løysing som alle kan vera nøgde med, seier Marstein.

På spørsmål om kvifor det vart blankt avslag, ikkje dialog, ved førre krossveg, svara han:

— Eg følte meg pressa til å gje eit svar, sidan saka hadde drygd så lenge.

Både Vik kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune har kravd at det skal finnast ei løysing. Fylkesordførar Nils R. Sandal stilte personleg opp for å visa at saka er viktig, men passa seg for å kritisera Riksantikvaren si omdiskuterte sakshandsaming.

— Det er viktig for jordbruket i fylket at bønder som vil satsa på slike framtidsretta tiltak, kjem i gang, seier fylkesordføraren til Bergens Tidende.

- Avstanden kan aukast til 100 meter (opphavleg 60), bygget kan senkast ein god halvmeter i terrenget, og gøymast bak ein kunstig jordvoll som det kan plantast tre på. Arealet kan reduserast noko, og høgda med ein meter. Torvtak gjer bygningen nesten usynleg, demonstrerte Wik.
Arne Hofseth
FEKK OST: Riksantikvar Nils Marstein vart servert gamalost av bondelagets lokale leiar, Jon O. Nummedal, då Marstein vitja VIk i går.
Arne Hofseth