Bodil Jansen og Aina Næss er dei to godt vaksne sedlena som i dag tok fatt i kafeen der mor til Bodil har styrt ein mannsalder, under namnet Voss Indremisjonskafe.

Kjelen på plass

Småsedlene har teke med seg misjonskafeen sin gamle kaffikjel i den nye logoen, men driv på eiga rekning. Dei leiger lokalet av mindretalet i Voss Indremisjon.

Mindretalet skipa aksjeselskap og kjøpte attende 2. etasje då fleirtalet selde indremisjonshuset i Vangsgata til eit eigedomsselskap i Bergen.

Ingen tvil om at det er indre strid i Indremisjonen på Voss for tida.

Kamp om gjestene

Med Småsedlena i drift er talet på kafear og tilsvarande (bensinstasjonar ikkje medrekna) attende til 25 – på ei halvannan kilometer lang strekning i Voss sentrum.

Åtvaring: Skal du prøva deg med vossamål overfor sedlena på Vangen, må du vera merksam på at «Sedlo mi» kan vera litt meir forpliktande enn berre «godjenta mi».