Sist torsdag vart mannen varetektsfengsla i to veker, der ei av vekene er med brev— og besøksforbod, melder Firda i dag.

Det var etter den siste brannen i Brønnøysund den 17. mars i år, politiet greip fatt i fleire eldre saker som var lagt bort. Sunnfjordingen er sikta for å ha brent ned bustaden sin i Trondheim for to år sidan, for å få forsikringspengane.

Først på brannstaden

Medan han ein periode var Securitas-vektar midt på 90-talet, skal han to gonger ha tent på bygningar hos Kværner i Florø, samt grove tjuveri hos Felleskjøpet og Windjammer.

Store verdiar gjekk tapt i brotsverka. Det vekte lite oppsikt at mannen som vektar, var første mann på brannstaden, melder Firda.

Stod fram i Se & Hør

I vår stod mannen fram i Se & Hør. Der takka han naboar som hjelpte han ut av det brennande huset sitt i Brønnøysund 17. mars i år. Ein brann han no er sikta for å ha tent på sjølv.