— Ein person er funnen i brannruinane. Vi har ikkje opplysningar om at det oppheldt seg andre personar i huset enn leigetakaren, seier lensmann, Sveinung Kråkås i Solund til Bergens Tidende.

At mannen sjølv ikkje har meldt seg, samt at bilen hans stod parkert nær brannstaden, er andre punkt som gjer at politiet i går rekna det som mest sannsynleg at mannen miste livet i brannen.

Den sakna kjem opphavleg frå ein annan kommune i Ytre Sogn, men hadde arbeidd og budd i Solund i fleire år. Han hadde leigd huset i den vesle grenda Nessa, nokre kilometer frå kommunesenteret Hardbakke, for eit par månader sidan.

Vakna av smell

Det 30 år gamle bustadhuset blei totalskadd i den eksplosjonsarta brannen. Berre grunnmuren og pipa står att.

Teknikarar frå politiet i Bergen kom i går til Solund for å hjelpe til i etterforskinga. Dei vil halde fram arbeidet i dag.

— Vi kan ikkje seie noko om brannårsaka så langt, seier lensmannen.

Næraste naboane, brørne Ivar og Olav Iversen, oppdaga brannen i halv femtida natt til måndag. Deira hus ligg 130 meter frå brannstaden, og dei to vakna av nokre kraftige smell.

— Det høyrdest ut omtrent som børseskot. Det må ha vore glasrutene som sprakk, fortel Olav Iversen.

Broren Ivar vakna først, og sprang fram i glaset for å sjå kva det var. Han såg straks flammane slå opp. Dei to varsla huseigaren, politi og brannvesen, og gjekk deretter bort til det brennande huset.

— Men alt då var huset så godt som nedbrent. Takpannene hadde alt falle ned, fortel Olav Iversen.

Huseigar Kjell Nessen hadde leigt ut bustadhuset til den sakna no i vinter. Han budde åleine i huset.

— Han hadde budd der eit par månader, fortel Nessen til Bergens Tidende.

Kontakta familie og naboar

Brannvesenet kom til staden like etter at brannen var meldt, men kunne ingen ting gjere for å redde einebustaden. Branntomta var så varm at det tok fleire timar før det var råd å gå inn på ho. Og ettersløkkinga heldt på store delar av gårsdagen.

— Til alt hell var det heilt stilt. Røyken stod rett opp. Hadde det vore vind, kunne brannen spreidd seg. I området står granskogen tett inn på huset. Det er heller ikkje så langt til andre hus, fortel lensmann Kråkås.

Politiet kontakta i går familien og snakka med naboane til den sakna. Etter det Bergens Tidende kjenner til blei siste observasjonen av mannen gjort i sjutida søndag kveld.