Mannen, som var i 40-åra, forsvann laurdag, og det vart sett i verk ein større leiteaksjon som pågjekk heile natta.

Hjelpekorpsa frå Vossastrand og Voss stilte saman med frivillige meir enn 30 personar som deltok i leitinga. Mannen vart funnen i leiteområdet klokka 9.30 søndag.