Sauer på fjellbeite slit framleis med etterverknadene av ulukka i Tsjernobyl atomkraftverk i mai 1986. Og grunna den varme sommaren med tidleg soppvekst har fylkesveterinærane i haust målt dei høgaste bequerel-verdiane i sau sidan 1997.

Statens dyrehelsetilsyn har innført nedfôringstiltak i 56 kommunar i haust, mot 40 i fjor. Dei fleste ligg i Hedmark og Oppland.

Tiltaka omfattar fem buskapar i Halne beitelag i Eidfjord, to buskapar i Gloppen, ein i Nautsdal, ein buskap frå Trollebotn/Sørstranda i Midtre Jølster beitlag, seks buskapar i Luster (Leirdal, Jostedalen aust, Skjolden) og tre buskapar i Lærdal.

Nedfôringa skjer ved at sauene blir plasserte på kaliumgjødsla innmarksbeite eller får kraftfôr og berlinerblått, eit middel samansett av kalium og jern som bind radioaktiv cesium og fører det ut av kroppen. Nedfôringstida varer normalt i to eller tre veker.

PÅ DIETT: Døme på en sau.
Foto: Bergens Tidende