Voss kommune tildelte i går den kommunale heidershelsinga "HjorteTakk" til Sandy Mathieson. Tildelinga skjedde i kommunestyremøtet.

Saueklipparen

Sandy er opphaveleg New Zealendar, og kom til Voss for første gong som saueklippar i 1983.

Seinare har han blitt verande i bygda, og har utmerka seg på ein så positiv måte at kommunen nå tildeler heidershelsinga "HjorteTakk".

Grunngjevinga som vart framførd for denne heiders-tildelinga , er som følgjer:

HjorteTakk

Sandy Mathieson kom til Noreg som saueklyppar hausten 1983.

Opphaldet gav tydlegvis meirsmak for i 1985 slo han seg ned på Voss og har sidan budd her.

Då han kom til Noreg for første gong var han 26 år — no er han 52. Han er derfor litt i tvil om han no er "vossing" eller framleis ein utflyttar frå New Zealand.

Fullgod vossing

Vi føler ialle høve at han må reknast som ein fullgod vossing. Ja faktisk over gjennomsnittet - for utval for miljø og kultur har vedteke at dei vil heidra han med ein "hjortetakk" som er ei kommunal helsing for god innsats i lokalsamfunnet.

MKU vil særleg peika på hans pågangsmot, positive haldning og optimisme.

Etter han kom til Voss tok det ikkje lang tid før han tok hand om minigolfen og opparbeidde denne til eit triveleg element på Prestegardslandet. Seinare overtok han campingplassen i Prestegardsmoen og har tisvarande opparbeida og dreve denne plassen på ein svært ryddig og tiltalande måte. Han har også hatt ansvaret for drifta av utebassenget i Prestegardsmoen i 3 år.

Ryddig rundt seg

Han seier sjølv han likar å ha det ryddig og ordentleg rundt seg - og det har han - til eksempel for mange av oss andre. Dette er ikkje minst viktig i turistbygda Voss der vi ynskjer å vise oss fram på beste måte.

Vi ynskjer å markere at Voss kommune set pris på det du har utretta i bygda og vil synlegjere dette ved å gje deg ein velfortent klapp på skuldra ved å gje deg kommunen si hjortetakk.

Diplomet er eit bilde av kunstnaren Arvid Norendal.

Klapp på skuldra

Nemninga "HjorteTakk" spelar på hjorten som det dominerande heraldiske symbolet i kommunevåpenet, og at tildelinga er ei takk frå Voss kommune.

Sjølve diplomet er utforma av den lokale biletkunstnaren Arvis Norendal.

"HjorteTakk" er ei ordning som kjem i tillegg til dei kommunale "prisane":

Miljøvernpris - Kulturpris - Bedriftspris, og er meint å vera eit meir spontant "klapp på skuldra" frå kommunen si side til einskildpersonar, organisasjonar eller verksemder.

Vil du vita meir om Voss? Sjekk Voss kommune sine heimasider.

Per Backer