To dagar er sett av når dei to tenåringsjentene frå Moldova får saka si fram for Borgarting lagmannsrett torsdag. Under forhandlingane skal retten sjå to program om sal av kvinner og barn til sexindustrien. Det eine er det uvanleg sterke britiske dokudramaet om internasjonal prostitusjon som blei vist på NRK i januar i fjor. Retten skal også sjå ein dokumentar om trafficking som nyleg blei sendt på TV Norge.

— Dette er program vi meiner illustrerer situasjonen i dei tidlegare sovjetstatane svært godt, seier Vinje.

Ein stor innsamlingsaksjon der bygdefolk i Aurland og andre har gitt til saman 250.000 kroner, gjer at Tatjana (16) og Olga Belik (18) har råd til å prøve saka si for lagmannsretten. Dei to tapte i tingretten, og måtte også betale sakskostnader på 50.000 kroner.

Søstrene gjekk til sak for å få omgjort avslaget på opphaldsløyve dei fekk i oktober 2004. Dei meiner mellom anna Utlendingsdirektoratet (UDI) gjorde seg skuldig i sakshandsamingsfeil under det første asylintervjuet.

Advokat Vinje meiner dei to jentene står sterkare no enn sist. Politiske signal om å arbeide mot trafficking, og ta omsyn til offera for kvit slavehandel, har blitt klårare.

Tatjana og Olga Belik kom til Norge frå Moldova i april 2003. Etter å ha blitt forfølgde, truga med prostitusjon og opplevd kidnappingsforsøk, greidde dei med hjelp av familien å flykte frå landet. Dei drog til Aurland der mora Raisa budde. Ho rømde frå Moldova året før, etter at ha blitt forfølgd politisk.

ANKESAK: Advokat Sjur Vinje meiner Tatjana og Olga Belik står sterkare no enn sist. Dei tapte i tingretten. ARKIVFOTO: HÅVARD BJELLAND