I landbruket er det fleire og fleire grunneigarar som ser at dei kan hente gode biinntekter ut av hjortejakta.

— Hjortejakta har fått seg ein veldig oppsving i status. Tidlegare var det i elg- og reinjakt dei store pengane låg. Desse er framleis dyrare enn hjortejakta, men den aukar veldig i popularitet. Betalingsviljen hos kundane er der, seier Alf Erik Røyrvik, som er utmarkskonsulent i Skogeigarlaget i Sogn og Fjordane.

Dei fleste tilbyr jakt, og i somme tilfelle også enkel overnatting, innanfor ein rimeleg prisklasse. Men fleire satsar no på meir eksklusive pakkeløysingar retta inn mot betalingsdyktige kundar. Då er det krav til god standard på overnatting, guiding, mat og eigen kokk.

— Dette er framleis smalt, men på veg oppover. Det krev mykje, særleg diskresjon, seier Røyrvik.

Hemmeleg kundeliste

Ein av dei som har halde på med dette i mange år, er Jomar Haukås frå Kaupanger. Kvar haust tek han imot sine faste, rike kundar, som alle har eit ønskje om å skyte ein kronhjort. For Haukås er dette ei viktig inntektskjelde.

— Eg har aldri marknadsført, men med fornøgde kundar går det frå munn til munn, seier Haukås.

Både opplegg og prisar held Haukås tett til brystet.

— Det handlar om respekt for folket som kjem. Folk som styrer store bedrifter i byane, må få ha fritida si i fred og ro.

Haukås seier fleire grunneigarar har blitt flinkare til å utnytte utmarksressursane.

— Mange stader har problemet vore at det er mykje smådyr fordi ein skyt ut dei store bukkane. No ser eg ein trend til at mange grunneigar har blitt flinkare til å spare på dei fine hjortane.

Dette er det viktigaste dersom ein verkeleg vil tene pengar på hjortejakta, ifølgje Haukås.

— Med eit godt produkt og supert terreng, vil kundane alltid vere villig til å betale, og prisen vil stige. Den store utfordringa er å framelske flotte bestandar med stor variasjon i dyr, seier Haukås.

Satsar på det eksklusive

For tredje år på rad tilbyr Knut Ove Førde jaktoppleving, kost og losji i Breim. Kundane kjem frå Austlandet og Sørlandet for å jakte i Gloppen. På grunn av investeringar, er det først i år Førde reknar med å tene pengar på arbeidet han legg ned.

Med jaktpakkar på under 16.000 kroner for fem dagar har han retta seg inn mot folk med vanlege lommebøker.

— No vil eg også kome med pakkar retta mot den meir eksklusive marknaden. Eg ser at ein del jegerar berre har tid til å jakte fredag til søndag, og ønskjer mest mogleg ut av den korte tida. Suksess, det vil seie felling av hjort, er avhengig av høg grad av tilrettelegging, seier Førde.

Han håper denne delen av verksemda vil gje han økonomi til å drive vidare.

Betre organisering

Hjortejakt har blitt betre butikk dei seinare åra, stadfestar hjorteforskar Erling Meisingset ved Bioforsk Økologisk på Nordmøre. Mykje av årsaka er at lokale grunneigarar har blitt flinkare til å organisere seg.

— Grunneigarane har tatt grep og organisert seg betre for å utnytte ressursane i hjortejakta, og gjere det meir til næring. Det har ført til ei stor utvikling i tilbod med profesjonalisering i fleire ledd, seier Meisingset.

Samstundes som hjortestammen veks, aukar også prisen ein må betale for å ta del i jakta. Somme har frykta at rike austlendingar skal skvise ut lokale jegerar i kampen om løyva. Ifølgje forskaren er det førebels ikkje tilfellet.

— I Noreg har vi ein lang tradisjon for at jakt er ein allmennrett, der direktørar, bønder og kontoristar jaktar side om side. Per i dag er det plass til alle. Den jamne jegerar som ønskjer seg billeg jakt, får det. For mindretalet, som ønskjer eksklusiv jakt, fins det tilrettelagde tilbod.

Går du på hjortejakt? Del gjerne dine erfaringar her.