Men dei meiner at mange kontrollar straks etter opninga sommaren 2001 har lagt ein effektiv dempar på den verste råkøyringa.

— Det er ukjent for politiet at det skal gå føre seg ekstremkøyring i tunnelen. Saman med Kvinnherad lensmannskontor har vi konkludert med at det har gått betre enn frykta, seier politistasjonssjef Øyvind Rosseland i Odda.

— Vi hadde fartskontrollar ofte frå dag ein etter opninga, med både laser- og gjennomsnittsmåling. 150 km i timen var høgste målinga, og vi tok inn nokre førarkort. Vi føler at kontrollane har vore vellukka, og har ikkje fått klager på villmannskøyring i tunnelen, seier Rosseland til Bergens Tidende.

I oktober 2001 mista ein personbilførar førarkortet etter å ha blitt målt til 122 km/t i Folgefonntunnelen. Månaden etter kom to Kvinnherad-ungdommar i 130-140 km/t ut av tunnelen i ein stolen bil og køyrte utfor vegen i Austrepollen.

Politistasjonssjefen i Odda meiner å ha funne ein effektiv metode for å luka ut dei verste fartssyndarane i industrikommunen. Politiet observerer trafikkåtferda, og kallar inn potensielle råkøyrarar til samtale på politihuset.

— Beskjeden er at om dei ikkje endrar åtferd, blir dei tekne ut av trafikken. Vi trur desse samtalane har hatt ein effekt, seier Øyvind Rosseland.