Den spesielle mjølka er både kostbar og vrien å produsere, men Bergset har fått kundar over heile landet. Bedrifta hennar har sågar hatt verdspressa på besøk, og er blitt presentert på BBC World.

Hestemjølk er sjelden vare på marknaden, og Bergset er først med å bruke fjordhest til mjølkeproduksjon. Ifølgje henne er det snakk om eit helsebringande, beint fram helbredande stoff.

— Det finst medisinske studier som viser at hestemjølk er veldig bra for immunforsvaret, og at den er veldig effektivt mageregulerande, fortel Bergset.

Vi møter henne på garden på nordsida av fjorden i Stryn, der hestane går fritt inne i stallen. Kvar morgon i haust er dei blitt tatt ut og mjølka ein etter ein.

Dette liknar ikkje mykje på den tradisjonelle mjølkeproduksjonen vi kjenner. Her er det hesten som bestemmer.

— Dei kan sjølv avgjere om dei vil gje mjølka frå seg, og dei kan faktisk også bestemme kvaliteten på mjølka. Så det gjeld å ikkje bli uvener med hestane som skal mjølkast, smiler 30 år gamle Bergset. - Bestemmer dei seg, kan dei slutte å mjølke. Det har faktisk skjedd at ei av hoppene slutta heilt. Mange har villa vere med og sjå på mjølkinga, men det vart for uroleg, så no får ingen andre komme inn og forstyrre.

I år har ho hatt 12 hestar på garden, der ho vil kombinere mjølkeproduksjonen med avl. Hestane blir mjølka tre gonger i døgnet, og heile seansen tar maks eit halvt minutt. Da gir dei mellom 0,7 og 2,4 liter frå dei to spenene. I år, som er første sesongen, har ho produsert omkring to tusen liter.

Hobby som leveveg

Berit Irene Bergset har vore hestegalen heile livet, men fekk ikkje den hesten ho så sterkt ønskte seg som barn. På garden som broren no har tatt over, var det den gongen tradisjonell mjølkeproduksjon. Berit utdanna seg til elektroingeniør, og arbeidde på slutten av 90-talet i ABB i Oslo. I feriane kjørte ho turistskyssen med hest i Briksdalen.

Medan ho enno budde i Oslo, kjøpte ho seg ein hest, og da ho fekk seg jobb heime i Nordfjord, kjøpte ho hest nummer to. Tanken var å drive avl.

Saman med ein fetter etablerte ho ein fellesstall i heimbygda, der dei leigde ut stallplassar og etablerte eit ridemiljø i lokalsamfunnet. Men å kombinere all hesteaktiviteten med jobben, vart stadig meir travelt.

— Våren 2001 byrja eg å tenkje alvorleg på å leve av hobbyen min. Eg hadde høyrt om mjølking, men det er veldig lite kunnskap om korleis dette kan drivast kommersielt. Det finst eit miljø i Tyskland, men dei er lite villig til å dele på kunnskapen sin.

Berit Irene Bergset søkte like fullt SND om etablerarstipend, og 10. mai 2003 var firmaet Maramelk AS eit faktum.

— Fjøset er bygd om til lausdriftstall, så vidt eg veit den einaste i Norge. Normalt blir føla fødde i mai, og da kan vi mjølke hestane omtrent fram til jul, fortel ho.

— Men føla da?

— Slapp av. Dei får også sin rasjon med mjølk.

Smaken

Fjordingen har vist seg som ein god mjølkehest, men er meir vrien å mjølke enn mange andre rasar.

— Ei av merrene her bestemte seg i november at ho ikkje ville gje meir mjølk, sjølv om ho hadde nok å ta av. Desse dyra er ikkje som kyr, som er avla fram for mjølkeproduksjon gjennom mangfaldige generasjonar. Men i snitt gir hestane rundt fire liter kvar dag, fortel Bergset.

Etter kvart har ho fått ein brukbar distribusjon på beina, og leverer til forhandlarar blant anna i Bergen og Stavanger. Mjølka blir selt djupfryst i pakningar på ein liter, beståande av fem porsjonspakkar som enkelt kan tinast opp i vatnbad like før bruk. Prisen er 175 kroner literen.

Og smaken? Med stor skepsis måtte begge BTs medarbeidarar smake på varene. Og vart positivt overraska.

Hestemjølka verkar tynnare om lettare å drikke enn kumjølk, og har ein søtleg smak som kan minne om melon.

— Den må drikkast straks den er tint, ellers blir smaken raskt dårlegare, seier produsenten. - Smaken kan variere etter kva lune hesten er i, og ikkje minst kva fôr han har fått. Vi har faktisk merka skilnad på smaken, alt etter kva beite hesten har gått på her ute.

Kleopatra og Djengis Kahn

Produksjonen foregår under strenge hygienekrav, og Bergset brukar lettare ombygd mjølkeutstyr berekna på ku. Straks etter mjølkinga blir mjølka forsegla i foliepakkar på to desiliter og djupfrosen.

Viktigaste salsargumentet er helse-effekten. At mjølka inneheld ei lang rekkje sunne stoff, er dokumentert.

Frå gammalt av var mjølk frå hest brukt til å styrke sjuke spedbarn og barn som var for tidleg fødde.

Over i det enda meir mytologiske blir det fortalt at hoppemjølk var Djengis Kahns hemmelege våpen, medan Kleopatra drakk den for å bli vakker.

På russiske tuberkulosesanatorium skal hestemjølka ha vore den viktigste medisin. Og det russiske langrennslandslaget brukar visstnok konsekvent hestemjølk som styrkedrikk den dag i dag, og det utan å komme i konflikt med dopingjegerane.

At denne typen hestekur verkeleg kan hjelpe, har Bergset sjølv sett.

— Ei venninne av meg var totalt nedsliten etter to barnefødslar, og fekk lungebetennelse tre gonger på eitt år. Etter at ho byrja å drikke hestemjølk, har ho ikkje vore forkjøla eingong.

Bergset har fått skikkeleg PR, spesielt etter at BBC fekk høyre om den spesielle hoppe-latten. Dei skulle lage eit innslag om Keiko, og kombinerte dette med hoppemjølka då dei var på Vestlandet. I to dagar arbeidde dei med innslaget, som vart to og eit halvt minutt langt og gjekk seks gonger på BBC World.

Men no er det ferie, og produksjonen av hestemjølk er stoppa fram til våren. Da kan Bente Irene Bergset kose seg med favoritten sin, som ikkje er hoppe-latte, men dobbel espresso med steama hoppemjølk og ein liten dæsj hazelnut-essens.

FOTO: ODDLEIV APNESETH