Dagens framlegg til Nasjonal Transportplan (NTP) inneheld ei historisk satsing på å utbetre dei viktigaste hovudvegane gjennom fylket.

Mest går til å ruste opp Kyststamvegen, E39. Dette har også vore eit klart prioritert vegsamband av politikarane i fylket.

Lavik til Hornindal

I første del av perioden, fram til 2013, skal vegen frå ferjekaia i Lavik og vidare gjennom sentrum i sognebygda rustast opp. I tillegg skal også strekninga Torvund-Teigen på vegen mot Vadheim utbetrast for 340 millionar kroner. Dette er ein av dei store flaskehalsane på stamvegen frå sør til nord på Vestlandet.

Også mellom Vadheim og Førde skal arbeidet ta til i første del av transportplanperioden. 300 millionar kroner skal brukast fram til 2013, i åra etter kjem 200 millionar. Største delen av denne halve milliarden vil gå med til å ruste opp den smale og svingete vegen gjennom Ytredalen nord om Vadheim og vidare mot Sande.

Frå Førde og nordover skal brorparten av millionane rulle i siste halvdel av perioden. I alt er det sett av 1,85 milliardar kroner på E39 frå Førde og til Hornindal. I tillegg skal det brukast over ein milliard på den nye Kvivsvegen mellom Hornindal og Austefjorden i Volda. Arbeidet på dette sambandet er nyleg sett i gang. Når vegen gjennom fjellet Kviven står ferdig, vil E39 vere ferjefri frå Lote på nordsida av Nordfjorden til Festøya sør om Ålesund.

Ny bru nær Sogndal

I Sogndal blir det jubel når samferdsleminister Liv Signe Navarsete har med pengar til ny bru over Loftesnessundet i heimbygda. Den smale brua på riksveg 5, stamvegen som bind E39 saman med E16, er ein av dei mest trafikkerte vegstrekningane i fylket. Etter det Bergens Tidende kjenner til er det sett av 100 millionar kroner i første del av perioden til dette, som i all hovudsak er eit trafikktryggleikstiltak. Det skal byggjast ny bru på utsida av den gamle, som deretter skal rivast.

Samferdsleministeren har tidlegare gått langt i å signalisere ei storsatsing på E16, stamvegen frå Bergen til Oslo. Også her dryp det på Sogn og Fjordane. Det er sett av midlar både til å strekkja oppover mot Sæltun i Lærdalsdalen, og frå Borlaug til Maristova på Filefjell.

Kommentarar? Bruk gjerne feltet under!