Tidlegare fylkesordførar Knut O. Aarethun er vraka, men gjev ikkje opp kampen. Aarethun, som har gitt beskjed om at han berre er aktuell til førsteplassen på lista, står fast ved at han vil kjempe til siste slutt. Det betyr sannsynlegvis kampvotering på nominasjonsmøtet 30. november.

Ei samla nemnd innstilte Bremer på førsteplass til fylkestingsvalet neste haust. Nomina-sjonsnemnda har sett Åshild Kjelsnes på andreplass og Cecilie Thaule Løvlid frå Hornindal på tredjeplass i sitt listeframlegg.

I det endelege listeframlegget har nemnda plassert Høyanger-ordførar Kjartan Longva på ein svært usikker niandeplass, truleg i eit forsøk på dempe kritikken frå Høyanger Ap. Men niandeplass er neppe nok.

Etter det Bergens Tidende kjenner til skal Longva, då han sa ja til å stille opp for fire nye år, stilt krav om at han i alle fall ikkje ville stå lenger nede på lista enn sist. Då var Longva nummer 6.